Mani Hussaini () er ein syrisk-norsk politikar, fødd i Qamishli i Syria. Han er sidan 2021 stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, vald frå Akershus fylke. Perioden 2014-18 var han leiar i Arbeidernes ungdomsfylking (AUF).

Hussaini kom til Noreg som flyktning med foreldra sine i 1999. I 2006 melde han seg inn i AUF. Etter den tid representerte han Arbeidarpartiet i høvesvis Ullensaker kommunestyre og Akershus fylkesting. Ved stortingsvalet i 2021 vart han som partiet sin femtekandidat i Akershus vald inn på Stortinget. På Tinget er han medlem i Energi- og miljøkomiteen.

Kjelder

Stortinget.no

Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Ullensaker