Teater Ibsen er eit teater i Skien i Telemark fylke. Det blei skipa i 1975 under namnet Telemark Teater, men endra namnet til Teater Ibsen i 1991.
Fram til slutten av 2010 var Festiviteten i Skien fast spelestad, men i 2011 flytta det til meir funksjonelle teaterlokale i dei gamle industrilokala til Union på Klosterøya i Skien. I november 2020 fekk Teater Ibsen løyvd 3 millionar kroner frå Kulturdepartementet slik at ein kunne bygga ny prøvesal.
Teateret er eit aksjeselskap med Vestfold fylkeskommune, Telemark fylkeskommune og Skien kommune som eigarar.
1. januar 2013 flytta Ibsen Awards inn i kontorlokala til teateret og blei ein del av Teater Ibsen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Teater Ibsen» frå , den 20. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Heimeside Nyheitssaker om Teater Ibsen i Skiensavisa Varden
Kategori:Skipingar i 1975 Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Kultur i Skien Kategori:Teater i Noreg Kategori:Oppkallingar etter Henrik Ibsen