mini|Ein inuksuk på Foxehalvøya i Nunavut i Canada Inuksuk (fleirtal inuksuit; også inukshuk (frå inuktitut på inuinnaqtun, på iñupiaq og på grønlandsk) er ein type menneskelaga landemerke eller varde av stein laga av inuittar, yupikfolk og andre folkegrupper frå den arktiske delen av Nord-Amerika. Desse byggverka finst på Grønland og i Nord-Canada og Alaska i USA. Heile denne regionen ligg nord for polarsirkelen og er prega av tundra der det er område med få naturlege landemerke.
mini|venstre|Mann med inuksukar for ei karibudriving.
Historisk kan inuksukar ha blitt brukt til navigasjon og som referansepunkt, som markørar for reiseruter, fiskeplassar, leirar, jaktstader, heilage stader, gjerde brukte til jakt eller til å markera eit matlager. Iñupiatfolk i Nord-Alaska brukte inuksukar til å hjelpa seg til å gjeta karibu inn i særskilde område for å slakta dei.28 Ethnobiology Conference Abstracts Inuksukar kan ha ulike former og storleikar, og har gamle røter i inuittisk kultur.The Inuit Inukshuk
Historisk var den vanlegaste typen inuksuk bygd med stein sett oppå stein. Den enklaste typen er ein enkeltstein som er blitt sett på langkant. Storleiken til nokre inuksukar tyder på at dei blei sette opp i fellesskap.
Inuksuk Point (Enukso Point) på Baffinøya har over 100 inuksukar. Staden blei erklært National Historic Site of Canada i 1969.
Namn venstre|mini|Inuksukar ved Foxehalvøya på Baffinøya i Canada. Ordet tyder 'det som opptrer som eit menneske'. Det er sett saman av ('person') og ('erstatting'). Ordet har forma i Nunavik og sør på Baffinøya. I mange dialektar frå sentrale Nunavut har det det nærskylde namnet (fleirtal ).
Ei særskild form for inuksuk kalla (, 'imitasjon av ein person', fleirtal ) er laga for å representera ein menneskefigur. er blitt kjende for ikkje-inuittar, og blir særleg funne på Grønland.
Moderne bruk høgre|mini|Ein inuksuk på flagget til Nunavut Inuksukar har blitt ei inuittisk kulturelt symbol. Ein inuksuk er avbilda i midten av flagget og våpenskjoldet til det kanadisk territoriet Nunavut og flagget til Nunatsiavut. Inuksuk High School i Iqaluit har namn etter strukturen.
Strukturane har i aukande grad blitt brukte som eit nasjonsymbol for Canada, særleg -varianten.
13. juli 2005 bygde kanadisk militærpersonell ein inuksuk, i lag med ein plakett og eit kanadisk flagg, på Hans Øy som del av ein langvarig konflikt mellom Canada og Danmark om den vesle øya i Arktis.Press release from the Government of Canada, Foreign Affairs and International Trade. Google cache copy. Det er reist inuksuk-strukturar i heile landet, ofte som generelle portalar til turistområde, mellom anna ein inuksuk på i Toronto ved breidda av Ontariosjøen. Strukturen står i Battery Park, og er til minne om festival World Youth Day 2002 som blei halden i byen i juli 2002.
Ein inunnguaq danna basis for logoen til Vinter-OL 2010 utforma av kunstnaren Elena Rivera MacGregor frå Vancouver. Denne bruken skapte ein viss kontrovers blant inuittar og First Nations-folk i Britisk Columbia. venstre|mini|Avdukinga av emblemet til Vinter-OL 2010, Ilanaaq the inukshuk, 24. april 2005 Dei kanadiske styresmaktene har gjeve autentiske inuksukar til fem ulike stader i andre land: I Brisbane i Australia, Monterrey i Mexico, Oslo i Noreg, Washington, D.C. i USA og Guatemala by i Guatemala.Green, Sarah. "Inuit art finds home in Mexico", Toronto Sun, 2 Nov 2007, Retrieved 2007-11-08. mini|Inuksuken i Monterrey blir avduka av den kanadiske ambassadøren til Mexico og guvernøren av Nuevo León Ein inuksuk gjeven av Canada blei bygd i Monterrey i Mexico i oktober 2007 av inuvialuitkunstnaren Bill Nasogaluak frå Tuktoyaktuk. Skulpturen blei gjeven til folket i delstaten Nuevo León som ei gåve frå Monterrey-avdelinga av Canadian Chamber of Commerce in Mexico og dei kanadiske styresmaktene i høve tiårsjubileet til avdelinga. Skulpturen står ved den kunstige elva Paseo Santa Lucía. Nasogaluak valde personleg ut stein til strukturen frå eit lokalt steinbrot i nærleiken av Monterrey. Inuksuken inneheld også to steinar kunstnaren tok med seg frå Canada til Mexico, ein frå Arktis og ein frå heimbyen hans Toronto. Saman dannar dei hjartet til inuksuken.
Ein inuksuk blei også brukt som symbol ved Summit of the Americas, fordi han var knytt til «guidance and unity ... towards common goals.»Proceedings of the XLVI Meeting of the Summit Implementation Review Group (SIRG)
Nasjonalparkarbeidarar i heile tek stadig vekk ned inuksukar reiste av camping- og fotturistar, for at dei ikkje skal villeia vitjande frå vardar og andre landemerke som viser turstiane. Praksisen med å reisa inuksukar i parkar er blitt så vanleg at Killarney provinspark, på nordkysten av Georgian Bay i Ontario, sende ut ei melding i 2007 der dei bad vitjnade om å «stoppa invasjonen» av inuksukar.
Det er også blitt reist mange inuksukar i nokre område langs Trans-Canada Highway, mellom anna i Nord-Ontario. I 2010 telte ein journalist frå Northern Life i Sudbury 93 inuksukar langs Highway 69 mellom Sudbury og Parry Sound.
I 2015 reiste ei lita gruppe kvinner nær Hamilton i Ontario 1181 inuksukar langs Chedoke Rail Trail for å minnast og få merksemd kring forsvunne og drepne urfolkskvinner (Missing and Murdered Indigenous Women), og oppmoda styresmaktene til å ta tak i problemet. Dette var ei av mange former for aktivisme kring saka i heile landet, og den nyvalde regjeringa sa dei ville utføra ei nasjonal gransking.
Ifølgje Guinness rekordbok er den høgaste inuksuken i verda i Schomberg i Ontario. Han blei bygd i 2007, og er meter høg.
Ved 20-årsjubileet for Roma-vedtektene i 2018 gav den kanadiske justisministeren Jody Wilson-Raybould ein inuksuk til Den internasjonale straffedomstilen for å markera støtte til domstolen og som symbol på at Canada var forplikta til forsoning med urfolka i landet. Han blei avduka av henne og den øvste dommaren ved domstolen, Silvia Fernández de Gurmendi, ved domstolsbygningen i Haag.
I populærkulturen Det kanadiske rockebandet Rush hadde ein inuksuk på platealbumet til Test for Echo frå 1996.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inuksuk» frå , den 18. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kanadisk kultur Kategori:Inuittkultur Kategori:Landemerke Kategori:Ting av stein