Lim O-kyeong () er ein sørkoreansk tidlegare handballspelar og seinare politikar frå Jeongeup. Ho vart olympisk meister for Sør-Korea i 1992 og verdsmeister i 1995. Lim var spelstyrar.

Karriere Idrett Lim var toppskårar i finalen då Sør-Korea ved Sommar-OL 1992 i Barcelona forsvarte OL-tittelen frå heimebane i 1988. Ho skåra åtte av mål då Noreg vart slått 28-21. Tre år seinare vart ho verdsmeister under Handball-VM 1995. I 1996 vart ho ny toppskårar i ein OL-finale, dessutan skåra ho flest mål av alle i turneringa. Sør-Korea tapte OL-finalen i Atlanta etter ekstraomgangar mot Danmark. Lim deltok også då Sør-Korea i 2004 på ny tapte ein OL-finale, atter mot Danmark og fyrst etter straffekasting. Året i førevegen fekk ho og Sør-Korea bronse under verdsmeisterskapen.

Politikk I 2020 vart Lim vald inn i den sørkoreanske nasjonalforsamlinga som representant for Demokrat-partiet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lim O-kyeong» frå , den 18. november 2022.

Kategori:Sørkoreanske handballspelarar Kategori:Olympiske meistrar for Sør-Korea Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sør-Korea Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Sørkoreanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2004