Ronela Hajati (), profesjonelt ofte berre kalla Ronela, er ein albansk songar, låtskrivar og dansar. Ho er fødd og oppvaksen i hovudstaden Tirana og opptredde i ulike song- og dansetevlingar som barn, før ho etter kvart etablerte seg ein musikkarriere. Hajati har markert seg som ein versatil artist, både i musikkstil, sjanger og tolking. Ho vann den 60. utgåva av Festivali i Këngës i desember 2021, og fekk dimed representere Albania i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Bakgrunn 1989–2016: Tidleg liv og karriere Ronela Hajati vart fødd 2. september 1989 i Tirana i Albania. Mora kom opphavleg frå Korçë, mens faren Marash Hajati er frå Shkodër. Allereie som barn viste ho interesse for musikk, og på barneskulen tok ho timar i ballett og piano. Ho deltok også i ei rekkje lokale og nasjonale song- og dansetevlingar. I den tidlege karrieren sin fortsette Hajati å delta i ulike musikkshow og talenttevlingar, blant anna Top Fest og Kënga Magjike. Ho fekk stor merksemd i det albansktalande Balkan med singelen «Mala Gata» i mai 2013.
Seinare same år deltok Hajati i den 15. utgåva av med songen «Mos ma lsho», som ho vann Internett-prisen med i finalen. I desember 2015 gav Hajati ut oppfølgjarsingelen «A do si kjo», som nådde ein 13. plass på den albanske singellisten. Ho nådde lista neste gong med singelen «Marre» i juni 2016. Også denne nådde ein 13. plass på singellista.
2017–no: RRON og profesjonell karriere I løpet av 2017 og 2018 gav Hajati ut ei rekke singlar, blant anna «Mos ik», «Sonte», «Maje men» og «Do ta luj». Fleire av låtane oppnådde kommersiell suksess og nådde topp 30 på den albanske singellisten. I desember 2018 deltok Hajati for andre gong i , med songen «Vuj». Ho enda til slutt på ein fjerdeplass. I mars 2019 slapp ho singelen «Pa dashni» og nådde ein sjetteplass på hitlista i Albania. Listesuksessen fortsette i juni same år med singelen «Çohu», i samarbeid med den albanske rapparen Don Phenom. Singelen debuterte på en sjuandeplass på topp 100-lista i Albania. Oppfølgjarsingelen «Lage» nådde ein sjetteplass på singellisten, og i september 2019 gjekk Hajati for fyrste gang til topps på den albanske singellisten med låten «MVP». I juli 2020 fekk den albanske fotballklubben KF Tirana Hajati til å produsere og framføre klubblåten «Bardh' e blu» i samband med hundreårsjubiléet til fotballklubben.
I mars 2021 kunngjorde Hajati at ho skulle gje ut debutalbumet RRON i løpet av 2022. Hovudsporet på albumet, «Prologue», debuterte same månad på 19. plass på den albanske topp 100-listen og klatra seinare til andreplass ein månad etter. Andresingelen på albumet, «Shumë i mirë», som nådde ein 15. plass seint i 2021, vart nominert til ein pris under Netët e Klipit Shqiptar 2021-galaen i Ulcinj i Montenegro. Sidan byrja fleire av singlane på albumet å gj3re det bra på den albanske singellisten utover i 2021.
I november 2021 kunngjorde den albanske kringkastaren (RTSH) at Hajati var blant dei 20 deltakarane i den albanske songtevlinga . Der skulle ho delta med songen «Sekret». Hajati vann finalen i desember 2021, og fekk dimed representere Albania i Eurovision Song Contest i Torino i mai 2022. I Eurovision Song Contest var ho fyrste deltakar ut på scena i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2022. Der enda ho på ein 12. plass av 17. deltakarar, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 14. mai 2022.
Anna Hajati har gjort seg merka for sitt mangfelde innan musikksjanger, stil og tolking. Ho vert fyrst og fremst sett på som ein popartist, men har også forsøkt seg innen sjangrar som R&B og reggae.
Hajati har sjølv trekt fram Michael Jackson som eit idol og ein av hennar største musikalske påverknadar. Hajati er også fan av den puertoricanske musikaren Ricky Martin og var til stades på konserten hans i New York i oktober 2021.
Privatliv Hajati vert sett på som ein diskret person som vernar om privatlivet sitt. I 2015 vart ho kjærast med den albanske musikaren Young Zerka, og saman gav dei ut fleire singlar og musikkvideoar før paret skilde lag i 2018.
Diskografi Album RRON (planlagt 2022)
Singler 2006 – «Requiem» (med Orgesa Zajmi) 2007 – «Me ty nuk shkoj» 2009 – «Shume Nice» 2009 – «Kam frikë te të dua» 2010 – «Harroje» 2011 – «Neles» (med Visari Skillz) 2012 – «Nuk ka më kthim» 2013 – «Mala Gata» 2013 – «Mos ma lsho» 2014 – «Veç na» (med Agon Amiga) 2015 – «A do si kjo» 2016 – «Amini» 2016 – «Marre» 2016 – «Syni i jemi» (med Young Zerka) 2017 – «Mos ik» 2017 – «Ladies» 2017 – «Sonte» (med Lyrical Son) 2017 – «Diamanta» (med Young Zerka) 2018 – «Maje men» 2018 – «Do ta luj» 2018 – «Vuj» 2019 – «Pa dashni» 2019 – «Çohu» (med Don Phenom) 2019 – «Lage» 2019 – «MVP» 2020 – «Genjeshtar je X Pare» 2020 – «Bardh e blu» 2021 – «Prologue» 2021 – «Shumë i mirë» 2021 – «Aventura» 2021 – «Alo» (med Vig Poppa) 2021 – «Leje» (med Klement) 2021 – «Sekret» 2022 – «Gips» (med MatoLale) 2022 – «Caramel» 2022 – «Valle»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ronela Hajati» frå , den 6. november 2022.
Kategori:Albanske songarar Kategori:Folk frå Tirana Kategori:Festivali i Këngës-vinnarar Kategori:Albanske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Albanske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-låtskrivarar