Daniela Sofia Korn Ruah () er ein portugisisk-amerikansk skodespelar, best kjend for rolla som spesialetterforskar Kensi Blye i CBS-krimserien NCIS: Los Angeles. Ho var også ein av fire programleiarar for Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.
Bakgrunn Ruah vart fødd i Boston i USA av portugisiske foreldre. Faren var kirurg og mora øyre-nase-hals-lege. Då Ruah var fem år gammel, flytta familien tilbake til Portugal, der ho gjekk på ein engelskspråkleg skule. Som 16-åring hadde ho sine fyrste roller i portugisiske telenovelaer, og ho vann ei dansetevling på portugisisk fjernsyn. Da Ruah var 18 år, flytta ho til England og tok en bachelorgrad i utøvande kunst ved London Metropolitan University. Ho flytta deretter tilbake til Portugal og fortsette skodespelarkarrieren, før ho flytta til New York i 2007 for å studere ved Lee Strasberg Theatre and Film Institute.
Ruah har jødisk opphav, både sefardar og askenasar. Faren er av portugisisk-marokkansk-jødisk opphav, og familien til mora var russisk-ukrainske jødar som flytta til Portugal.
Karriere Ruah starta karrieren i portugisiske såpeoperaar som tenåring og hadde si fyrste større rolle som 16-åring, då hun spela Sara i såpeoperaen Jardins Proibidos ('forbodne hagar').
Etter å ha studert utøvande kunst ved London Metropolitan University, flyttet Ruah tilbake til Portugal for å fortsette karrieren. Ho vann i 2006 Dança Comigo (den portugisiske utgåva av Skal vi danse?) og fekk sidan hovudroller i tv-seriar, kortfilmar og teaterstykke. I 2007 flytta ho til New York for å studere ved Lee Strasberg Theatre and Film Institute.
Ruah spelar spesialetterforskaren Kensi Blye i fjernsynsserien NCIS: Los Angeles, som fyrste gong vart send 22. september 2009. I 2011 spela ho same rolle i ein gjesteopptreden i serien Hawaii Five-0. I 2013 spela ho i dramastykket Proof av David Auburn ved Hayworth Theatre i Los Angeles.
I mai 2018 leia Ruah Eurovision Song Contest 2018 saman med Catarina Furtado, Sílvia Alberto og Filomena Cautela.
Ruah er gift og har to barn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Daniela Ruah» frå , den 7. november 2022.
Kategori:Portugisiske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Boston Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar