Ratina Stadion er eit flerbruksstadion i Tammerfors i Finland med ein tilskodarkapasitet på 17 000. Når det blir arrangert konsertar kan kapasiteten aukast til 30 000 tilskodarar. Ratina Stadion vart bygd i 1965 og renovert i 2004.

Artistar og grupper som Iron Maiden og Toto har hatt konsert på Ratina Stadion, og i juni 2009 heldt Bruce Springsteen og bandet hans The E-Street Band konsert som ein del av Working on a Dream-turnéen.

Stadionet blir for det meste brukt til fotball og er heimebanen til Tampere United. Banen har òg vorte brukt av landslaget til Finland.

Arrangement Det har vorte halde to verdsmeisterskapar på skøyter her før den andre verdskrigen.

Allround-VM på skøyter 1927, menn (kan ha vore arrangert rett på andre sida av næraste elv ved Pyhäjärvenkatu.) Allround-VM på skøyter 1939, kvinner og fleire finske meisterskapar i hurtigløp på skøyter her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ratina Stadion» frå , den 6. november 2022.

Bakgrunnsstoff

Fotball

Bilde av stadion Arkivert 18. september 2013 hos . på www.worldstadiums.com Bilde av stadion Arkivert 4. mars 2016 hos . på www.stadionwelt.dei Banehoppar-vurdering av banen på tysk på groundhopping.dei

Skøyter

Profil på () www.SpeedSkatingStats.com og på () www.SchaatsStatistieken.nl (Søster-nettstader)

Kategori:Byggverk i Birkaland Kategori:Skeisearenaer Kategori:23°E Kategori:61°N