Bayelsa er ein delstat i Nigeria som ligg sør i landet ved Beninbukta. Staten blei skipa i 1996 etter å tidlegare ha vore del av delstaten Rivers. Namnet er sett saman av førstestavingane i dei tre lokalstyreområda Brass, Yenagoa og Sagbama. Administrasjonssenteret i delstaten ligg i Yenagoa.

Den største folkegruppa i Bayelsa er ijawfolk, ei av dei ti største folkegruppene i Nigeria. Andre folkegrupper er urhobo og isoko.

Den tidlegare presidenten i Nigeria Goodluck Jonathan er frå delstaten. Han var guvernør i Bayelsa i perioden 9. desember 2005 til 28. mai 2007.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bayelsa» frå , den 30. oktober 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Delstatar i Nigeria Kategori:Skipingar i 1996