Lill Tove Fredriksen () er ein samisk litteraturvitar og fyrsteamanuensis ved UiT – Noregs arktiske universitet.

Biografi Lill Tove Fredriksen kjem frå Lakselv i Porsanger kommune. Ho studerte samisk ved Universitetet i Tromsø og tok mastergrad i 1999. I masteroppgåva si undersøkte ho dei tradisjonelle songane til sjøsamane i heimkommunen sin. Frå 2000 til 2005 arbeidde Fredriksen som fyrstekonsulent, og som tolk for pasientar med nordsamisk som morsmål ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg i Tromsø. Mellom 2005 og 2015 var ho doktorand med Harald Gaski som vegleiar og arbeidde samstundes som universitetslektor i samisk litteraturvitskap ved UiT. Den 28. april 2015 disputerte ho for doktorgraden med ei avhandling om Jovnna-Ánde Vest sin romantrilogi Árbbolaččat. Dette var den fjerde disputasen halden på nordsamisk ved Universitetet i Tromsø.Lill Tove Fredriksen i Store norske leksikon, lese den 10. februar 2022

Sidan 2015 er ho fyrsteamanuensis i samisk litteraturvitskap ved UiT. Forskningsinteressene hennar omfattar mellom anna moderne samisk prosa og urfolksperspektiv i akademia.Lill Tove Frederiksen på nordics.info, lese den 10. februar 2022 Ho skriv òg populærvitskaplege tekstar om desse temaa, både i tradisjonelle medium og i bloggar.

Fredriksen var styremedlem i Samisk faglitterær forfatter- og oversetterforening frå 2007 til 2012, og deretter leiar frå 2012 til 2020.

Ho bur i Tromsø.

Bibliografi i utval

Silbagatnjalat ; Sølvtåra – diktsamling, tekst på nordsamisk og bokmål, Davvi girji 2025

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lill Tove Fredriksen» frå , den 5. oktober 2022.

Bakgrunnsstoff

Lill Tove Fredriksen, profil hjå UiT Lill Tove Fredriksen, kort biografi på Store norske leksikon Lill Tove Fredriksen, profil hjå Periskop Lill Tove Fredriksen, profil hjå Stories from the Margins Lill Tove Fredriksen, profil hjå nordics.info Lill Tove Fredriksen, innlegg på blogg.uit.no

Kategori:Førsteamanuensar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Folk frå Porsanger Kategori:Personar innafor samisk litteraturforsking