Rawdah Mohamed () er ein norsk-somalisk modell, influensar, vernepleiar og aktivist. Ho er kjend for sin klesstil og er òg sett på som ei framtredande talskvinne for rettane til muslimske kvinner. Ho jobbar for tida med modellfirmaet The Society Management. I april 2021 starta ho kampanjen #Handsoffmyhijab som gjekk viralt på sosiale medium.

Biografi Rawdah vart fødd i Somalia. Ho og mora flykta til Noreg då ho var åtte år. I Noreg vart ho utsett for rasisme og mobbing av klassekameratane sine, spesielt for å ha på seg hijab og for hudfargen sin.

Karriere Mohamed er aktiv som modell, og har ca. 200.000 følgjarar på Instagram. Før ho satsa fullt ut på modellkarrieren jobba ho òg som vernepleiar. Ho har mellom anna deltatt på Oslo Fashion Week, Paris Fashion Week, Copenhagen Fashion Week og på Kjendisgallaen.

Ho byrja sin internasjonale street style-karriere på Oslo Fashion Week i august 2019, som ho sjølv ser på som eit vendepunkt i modellkarrieren. Under Oslo Fashion Week 2019 vart ho anerkjent for dei spennande antrekka sine spesielt innanfor street style.

I august 2019 vart Mohamed avbilda på framsida av det norske motemagasinet Costume Norge. Sidan den gong har Rawdah òg vore på framsidene til framtredande magasin som Vouge og V Magazine.

I mars 2020 slapp NRK TV ein serie om Rawdah Mohamed med ti episodar.

Aktivisme Mohamed deltok i sosiale medium-protesten mot avgjerda til det franske senatet om å forby muslimske jenter under 18 år frå å ha på seg hijab på offentlege stader ved å setja i gang kampanjen #Handsoffmyhijab. Ho la ut ein selfie på Instagram der ho skreiv «hands off my hijab» i handa.

I mai 2021 vart ho offisielt utnemnd til redaktør for magasinet Vogue Scandinavia. Ho vart dermed den første kvinna med hijab som vart redaktør av eit motemagasin.

I september 2022 fanga ho merksemda til media då ho la ut ei rekke negative kommentarar om Elizabeth II etter at det vart kjent at dronninga var død. Mohamed kunngjorde at ho feira døden til dronninga. Ho skreiv på Instagram-historia si: «håper du brenner i helvete for det du og forfedrene dine gjorde. Min empati er med de 19 afrikanske og karibiske landene som ble herjet og slavebundet».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rawdah Mohamed» frå , den 6. oktober 2022.

Kategori:Norske modellar Kategori:Nordmenn av somalisk opphav