Nina Nesbitt () er ein skotsk singer-songwriter.
Liv og karriere Nesbitt blei fødd i Livingston i West Lothian, og gjekk på ein liten barneskule i Bellsquarry. Då ho var 12 flytta ho til Balerno, ein forstad til Edinburgh, og blei elev ved Balerno Community High School. Ho har skotsk far og svensk mor. Som barn deltok ho i lokale og regionale gymnastikkonkurransar med skulen sin i Bellsquarry, med Pentland Rhythmic Gymnastics Club og for Skottland.
Ho starta musikkarrieren sin med å skriva og spela inn songar på rommet sitt, og lasta dei opp til Youtube-kanalen sin. Nesbitt speler gitar, klaver og fløyte.
Etter å ha møtt musikaren Ed Sheeran, blei ho invitert til å varma opp for han på europaturnéen hans. Då ho spelte inn eit cover av «Stay Awake», blei opphavspersonen til songen Example òg interessert i eit samarbeid. I 2012 medverka ho på musikkvideoen til Ed Sheeran sin song «Drunk».
Den andre EP-en hennar, The Apple Tree, kom ut i april 2012, og nådde ein sjetteplass på iTunes si nedlastingsliste etter å ha blitt spelt på BBC Radio 1. Nesbitt nådde fysteplassen på iTunes si singer/songwriter-hittliste.
I oktober 2012 la Nina Nesbitt ut på sin tredje engelske turné, BOY UK TOUR, for å promotera debutsingelen, Boy, og EP-en med same namn. I april 2013 gav ho ut sin tredje EP, Stay Out, og i juli 2013 kom EP-en Way in the World ut. I 2014 gav ho ut sitt fyrste album, Peroxide.
Diskografi
Album Peroxide (2014) The Sun Will Come Up, the Seasons Will Change (2019) Älskar (2022)
EP-ar TittelDetaljarSongarLive Take Utgitt: 5. desember 2011 Plateselskap: Universal Music Group Format: Digital last ned "Glue" (Live) - 2:17 "Noserings and Shoestrings" (Live) - 3:36 "Skeletons" (Live) - 4:47 "Babylon" (Live) - 4:53The Apple Tree Utgitt: 20. juli 2012 Plateselskap: Universal Music Group Format: Digital last ned "The Apple Tree" - 2:53 "Seesaw" - 2:47 "Hald You" - 5:05 "Only Lover" - 3:15 "Make Me Fall" - 3:50Boy Utgitt: 6. desember 2012 Plateselskap: Universal Music Group Format: Digital last ned "Boy" - 3:36 "Jessica (Demo)" - 4:38 "Boy (Acoustic Versjon)" - 3:35 "Boy (Hostage Remix)" - 3:49Stay Out Utgitt: 8. april 2013 Plateselskap: Universal Music Group Format: Digital last ned "Stay Out" - 2:45 "Just Before Goodbye" - 3:11 "No Interest" - 3:10 "til Statue" - 4:13
Singlar ÅrTittelHitliste plasseringAlbumUKPeak positions in the United Kingdom:2012"Boy"139
Fotnotar
Denne artikkelen bygger på «Nina Nesbitt» frå , den 4. august 2022.
Bakgrunnsstoff
Officielt website Officielt twitter-bruger Nina Nesbitt fan
Kategori:Folk frå Edinburgh Kategori:Skotske songarar Kategori:Musikarar frå 2000-talet