Darwin er hovudstaden og den største byen i Nordterritoriet i Australia, med innbyggjarar (est. 2018). Byen ligg ved nordkysten av Australia, og har tropisk klima. Han er utsett for tropisk tordenvêr og syklonar; mykje av byen blei øydelagd av syklonen Tracy i 1974.
Han ligg ved Clarencesundet som går mellom det australske fastlandet og Melvilleøya i Timorsjøen.
Byen er kalla opp etter den britiske naturforskaren Charles Darwin. I perioden 1869–1911 blei han kalla Palmerston. Palmerston er òg namnet på ei drabantby som har vokse fram frå 1980-talet rundt 20 km sør for Darwin.
Folkesetnaden i Darwin har størst del aboriginarar av australske hovudstader, og ein relativt stor del er innvandrar frå Sør- og Aust-Asia. Darwin er ein viktig hamn, særleg for eksport av sau og storfe, og av mineral.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Darwin (Australia)» frå , og «Darwin, Northern Territory» frå den 7. august 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Australia Kategori:Nordterritoriet Kategori:Oppkallingar etter Charles Darwin