Sycamore Gap Tree eller Robin Hood Tree er ei 150 år gammal platanlønn ved sida av Hadrianmuren nær Crag Lough i Northumberland i England. Det veks i eit dramatisk søkk i landskapet, og var lenge eit populært motiv å fotografera. Treet var med i ein viktig scene i filmen Robin Hood: Prince of Thieves frå 1991, og er blitt kjend som Robin Hood-treet etter dette. Det vann Tree of the Year-prisen for England i 2016.

Natt til 28. september 2023 blei treet felt av vandalar, som skar det ned med motorsag heilt nede ved stammen. To menn frå regionen blei dømde for fellinga i juli 2025.

Rotskot frå treet har vist at det framleis er i live, sjølv om ein reknar med at det vil ta over 150år for å nå den tidlegare høgda si. Det blei også teke frø og stiklingar frå treet.

Plassering Sycamore Gap Tree ligg ved Hadrianmuren, mellom Milecastle 39 og Crag Lough, rundt vest for Housesteads Roman Fort i Northumberland nord i England. Denne delen av muren følgjer ryggen av ein åsei klippe frå Whin Sillog fleire bratte søkk i denne skapt av smeltande brear. Treet står i eit av desse søkka, og muren stig dramatisk på begge sider av det. Området treet stod på, landet og muren tilhører National Trust. Treet var ein populær turistattraksjon, og er blitt omtalt som det mest fotograferte treet i landet, og staden kan vera den mest fotograferte i Northumberland nasjonalpark. Ein kan sjå treet frå vegen B6318 Military Road. Namnet «Sycamore Gap» blei laga av ein tilsett ved National Trust då Ordnance Survey laga nye kart av området og spurte om staden, som dei ikkje hadde namn på frå før, hadde noko namn.

Historie Treet er ei platanlønn (Acer pseudoplatanus), og er nokre hundre år gammalt. Det stod ein gong saman men andre, men desse er blitt fjerna ein gong av ukjend grunn, kanskje for å gje viltvaktarar betre sikt. Treet opptrer i ei viktig scene i filmen Robin Hood: Prince of Thieves med Kevin Costner, der Robin Hood tek ei rundrute frå Dei kvite klippene ved Dover til Nottingham via Hadrianmuren, og er seinare blitt kjent som Robin Hood-treet. Det var også med i musikkvideoen for Bryan Adams sin song (Everything I Do) I Do It for You, som var del av filmmusikken, Videoen blei vist mykje på det britiske tv-programmet Top of the Pops. Det har også opptredd i krimserien Vera og i dokumentarserien More Tales from Northumberland with Robson Green. Eit helikopter kræsja nær treet den 30. mai 2003 under filminga av British Isles – A Natural History, rundt unna det og endå nærare programleiaren Alan Titchmarsh. Også han var uskadd, og dei fire ombord i flyet blei lettare skadde.

I 2016 blei treet nominert til Tree of the Year-tevlinga i England. Det blei valt ut frå 200 nominasjonar til ei kortliste på 10, og vann tevlinga med 2542 røyster av 11913. Prisen var på 1000 pund som blei brukt til å studera helsa til treet og utføra arbeid for å verna røtene på det. Desse var byrja å bli blottlagde på grunn av det store volumet av fottrafikk som over dei. Sycamore Gap-treet blei nominert til European Tree of the Year i 2017 der det nådde 5. plassen (av 16) med 7123 røyster.

Felling mini|Treet to dagar etter fellinga.

Treet blei felt med ei motorsag tidleg om morgonen 28. september 2023; lyden av saga skal ha blitt skjult av sterk stormvind. Delar av Hadrianmurenn der treet stod blei også skadde. Northumbria Police arresterte ein tenåring seinare den dagen, mistenkt for å ha tilknyting til fellinga. Dei arresterte også ein 60-åring. Begge blei seinare sjekka ut av saka.

29. september 2023 sa ein leiar ved National Trust at stumpen verka vera sunn og trudde at treet kunne veksa opp att i ei styva, men han la til at det ville «ta nokre år til å utvikla seg til til og med eit lite tre, og rundt 150 til 200år før det blir noko liknande det me har tapt.» Det blei samla inn frø frå treet som blei nytta til å dyrka nye småtre.

To veker etter fellinga blei det fella treet delt opp og fjerna av National Trust, som la delane på lager. Stammen, som vog mellom tre og fire tonn, blei fjerna med ein krane den 12. oktober.

8. mars 2024 meldte BBC News at dei fyrste spirene hadde vokse frå frø og greiner ein hadde henta ut frå staden. Den fyrste spira blei gjeven til kong Charles III, som kunngjorde at ho skulle plantast i Windsor Great Park så snart ho hadde vokse til eit småtre. National Trust har dyrka fram plantar av andre frø frå staden til å gje til er skulen nærast staden, britiske nasjonalparkar og til andre gode føremål. I august 2024 blei det konstatert at det voks nye skot frå stumpen etter treet. Det blei installert gjerde og netting rundt stumpen og dei nye skota for å verna dei mot skade frå tilreisande.

I juli 2025 blei to menn frå Cumbria, Daniel Graham og Adam Carruthers, funne skuldige for kriminelt skadeverk og dømde til 4år og 3månader i prison for skaden på treet, som ein fann var på 622191 pund, og ein samanløpande dom på seks månader for skadeverk verdt 1144 pundt på Hadrianmuren. Dei blei fortalde at dei ville lauslatast ikkje seinare enn 40% gjennom dommen. Dommaren som avsa dommen sa at brotsverket demonstrerte «sheer bravado,» der Graham og Carruthers hadde feira oppstanden dei hadde skap.

Det blei tinga ei utstilling som nytta delen av stammen til treet som opna i september 2024, eit år etter fellinga, ved Sill National Landscape Discovery Centre i Bardon Mill i Northumberland nasjonalpark.

Treet opptrer i digital gjenskaping i den post-apokalyptiske horrorfilmen 28 Years Later frå 2025.

Galleri

sentrum|mini|850x850pk|Sycamore Gap-panorama

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sycamore Gap Tree» frå , den 25. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hadrianmuren Kategori:Kjende tre