Fredslunden er eIn park ved Kongebjørka i Molde. Han blei grunnlagd av Knut Ødegård, president for Bjørnsonfestivalen, i 1997. Staden blei vald fordi Kongebjørka er eit symbol for kampen for fridom, fred og menneskeverd.

Dei fyrste som planta tre i lunden var Wole Soyinka, den fyrste afrikanske personen som vann Nobelprisen i litteratur, og den tyrkiske forfattaren Yasar Kemal. Det er særleg forfattarar som har planta tre her, men også andre som har vore involverte i arbeid for fred og menneskerettar har bidratt til lunden.

Personar som har planta tre i lunden

1997 – Wole Soyinka og Yasar Kemal 1998 – Vigdís Finnbogadóttir og Seamus Heaney 1999 – Amos Oz og Izzat al-Ghazawi 2000 – Thor Heyerdahl 2001 – Bei Dao 2004 – Hans Blix

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fredslunden» frå , den 25. juni 2022.

Kategori:Historie i Molde Kategori:Kultur i Molde Kategori:Parkar i Møre og Romsdal