«Crying in the Rain» er ein song komponert av Carole King med tekst av Howard Greenfield, opphavleg spelt inn av den amerikanske duoen The Everly Brothers. Singelen nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 i 1962.
Songen var det einaste samarbeidet mellom låtskrivarane Greenfield og King, som begge arbeidde for Aldon Music på den tida. På eit innfall bestemte to av låtskrivarlaga hos Aldon seg for å byta partnar for ein dag – Gerry Goffin (som vanlegvis jobba med King) gjekk saman med Greenfield sin hyppige låtskrivarpartnar, Jack Keller, medan King og Greenfield gjekk saman for dagen. Trass i den kommersielle suksessen med samarbeidet, skreiv King og Greenfield aldri ein annan song saman.
Innhald
Salslister + Salslister for «Crying in the Rain» Liste (1962–1966) Plassering AustraliaAustralian Chart Book 1940-1969 p.64 David Kent 7 New Zealand (Live Hit Parade)Flavour of New Zealand, 5. april 1962 8
Tammy Wynette-versjonen
I 1981 vart «Crying in the Rain» spelt inn av den amerikanske countryartisten Tammy Wynette. Han vart ein stor hit etter han kom ut på singel det året.
Wynette-versjonen vart produsert av Chips Moman i Moman Recording Studio i Las Vegas. Innspelinga bestod òg av ni andre spor som kom ut på studioalbumet til Wynette i 1981.
Songen kom ut på singel i juli 1981. Han nådde 18. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista same året. «Crying in the Rain» vart den tredje singelen til Wynette som nådde country songs topp 20 i 1980-åra. Songen vart gjeven ut på det 22. studioalbumet til Wynette, You Brought Me Back (1981). I tillegg nådde «Crying in the Rain» 11. plassen på RPM Country Tracks-lista i Canada same året. Det var hennar høgaste plassering av ein solosong på RPM-lista sidan 1979.
Innhald 7-tommar singel A. «Crying in the Rain» – 3:12 B. «Bring My Baby Back to Me» – 3:25
Salslister + Salslister for «Crying in the Rain» Liste (1981) Plassering
A-ha-versjonen
I 1989 spelte det norske bandet A-ha inn songen. Det var den første singelen frå det fjerde albumet deira, East of the Sun, West of the Moon (1990). Etter suksessen til songen vart A-ha godt kjende med The Everly Brothers, som opphavleg hadde spelt songen. Bandet fekk eit sett med gitarar av The Everly Brothers som A-ha framleis brukar i dag.
«Crying in the Rain» var den siste singelen til A-ha som nådde topp 40 på Billboard-lista i USA, då han nådde 26. plassen på Hot Adult Contemporary Tracks-lista i veka som enda 6. april 1991. Han var meir populær internasjonalt og toppa listene i Noreg og nådde 13. plassen på UK Singles Chart. Det var den 32. mest suksessrike songen i 2010 på Rumensk Top 100, sjølv om han ikkje nådde topp 20 på lista.
Musikkvideo Videoen var regissert av Steve Barron. Temaet i videoen er eit ran som går gale. Det finst ein annan versjon av videoen. Den første utgåva inneheld ingen scener med Morten Harket som syng aleine. Videoen vart filma heilt med ein spesiell teknikk med mobile kamera og vart filma i Big Timber i Montana. Den Oscar-nominerte skodespelaren John Hawkes hadde ei lita rolle som ranar i videoen.
Innhald Britisk CD-singel «Crying in the Rain» (LP-versjon) – 4:25 «(Seemingly) Nonstop July» – 2:55 «Cry Wolf» (LP-versjon) – 4:05
Britisk 7-tommmar-singel A. «Crying in the Rain» (LP-versjon) – 4:25 B. «(Seemingly) Nonstop July» – 2:55
Britisk 12-tommar-singel A. «Crying in the Rain» (LP-versjon) – 4:25 B1. «(Seemingly) Nonstop July» – 2:55 B2. «Cry Wolf» (LP-versjon) – 4:05
Salslister
Vekeslister + Vekeslister for «Crying in the Rain» Liste (1990–1991) Plassering Australia (ARIA) 131 Europa (Eurochart Hot 100 Singles) 9 Finland (Suomen virallinen lista) 14
Årslister + Årsliste for «Crying in the Rain» Liste (1986) Plassering Tyskland (Official German Charts) 86 Nederland (Single Top 100) 92
Andre versjonar «Crying in the Rain» vart spelt av mange andre artistar. I 1969 spelte The Sweet Inspirations inn ei attgjeving som nådde nummer 38 på den amerikanske R&B-lista. Det var deira andre Everly Brothers-song som vart ein hit, etter å ha gått inn på lista to år tidlegare med «Let It Be Me».
I 1972 gav Penny DeHaven i duett med Del Reeves ut ein country-versjon på ein singel (nummer 54 på Billboard country-lista). I 1989 vart han spelt av Blessings in Disguise, eit band samansett av Dave Hill og Noddy Holder frå det britiske hardrockbandet Slade. Songen vart gjeven ut som singel, støtta av eit spor skrive av Dave Hill, «Wild Nites».
I 1976 gav den amerikansk-kanadiske trioen Cotton, Lloyd and Christian ut songen på ein singel (med «One More River» på B-sida). «Crying in the Rain» vart òg inkludert på det andre studioalbumet til trioen, Number Two.
Songen vart òg spelt av Crystal Gayle på albumet hennar frå 1981 Hollywood, Tennessee og av den britiske duoen Peter and Gordon. Songaren Art Garfunkel spelte songen på albumet sitt Up 'til Now (1993) i ein duett med James Taylor. I 1994 vart denne versjonen ein kanadisk pop- og AC-hit.
Han vart gjeven ut i 2010 på Micky Dolenz-albumet King For a Day.
Songen vart òg spelt av Eurovision Song Contest-vinnaren Johnny Logan. Det tyske bandet Gregorian spelte songen på albumet deira Masters of Chant Chapter VI.
Songen vart spelt av Marty Kristian frå The New Seekers i 1973.
Nick Lowe og Dave Edmunds gav ut ein versjon av songen på EP-en deira frå 1980, Nick Lowe & Dave Edmunds Sing The Everly Brothers.
Carole King spelte sjølv songen ho var med og skreiv på albumet Speeding Time frå 1983 og i ei sjeldan liveframferd med gruppa The Wallflowers i ei TV-framferd.
Danzig spelte songen i 2015 på albumet Skeleton .
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Crying in the Rain» frå , den 26. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [ allmusic review of The Everly Brothers version]
Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Songar med tekst av Howard Greenfield Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:A-ha-songar Kategori:Crystal Gayle-songar Kategori:Dave Edmunds-songar Kategori:Jan and Dean-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Steve Barron Kategori:Songar produserte av Christopher Neil Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Songar om gråting Kategori:Songar om vêr Kategori:Nick Lowe-songar Kategori:Sweet Inspirations-songar Kategori:Tammy Wynette-songar Kategori:Peter and Gordon-songar Kategori:The Shadows-songar Kategori:Johnny Logan-songar Kategori:Art Garfunkel-songar Kategori:James Taylor-songar Kategori:Gregorian-songar Kategori:Carole King-songar Kategori:Danzig-songar