City Streets er det 14. studioalbumet til den amerikanske musikaren Carole King, gjeve ut i 1989. Det var hennar første album på seks år og vart produsert i lag med Rudy Guess, som støtta ho som gitarist i seinare år.

Eric Clapton speler gitarsoloen på tittelsporet. Denne vart gjeven ut på singel og vart ein topp 20-hitt på den amerikanske Billboard Adult Contemporary-lista. Clapton spelte òg gitar på «Ain't That the Way». Ein annan gjestemusikar er Branford Marsalis, som spelte saksofon på «Midnight Flyer».

Før ho laga comebackalbumet hadde King fokusert på skodespelarkarrieren. «I Can't Stop Thinking About You» er eit samarbeid med skodespelaren Paul Hipp, som spelte i lag med ho i off-Broadway-showet A Minor Incident i 1988. «Midnight Flyer» og «Someone Who Believes in You» vart skriven i lag med den tidlegare ektemannen og låtskrivarpartnaren hennar Gerry Goffin. Sistnemnde vart opphavleg skriven for Air Supply-songaren Russell Hitchcock. Tolkinga hans vart først gjeve ut på det sjølvoppkalla soloalbumet hans i 1987, og han spelte inn songen på ny for Air Supply-albumet The Earth Is..., fire år seinare. Han vart òg spelt inn av Martha Wash i 1993 på soloalbumet hennar.

Som andre album ho gav ut i 1980-åra fekk City Streets middels kritikk og selde dårleg. Det nådde berre 111. plassen på Billboard albumlista i USA.

Innhald

Medverkande Carole King – solovokal, korvokal (1-4, 6-8), synthesizer (1-3), rytmegitar (2), akustisk piano (3, 7), klaverinstrument (4, 6, 8-10), Hammondorgel (7) Robbie Kondor – synthesizer (2, 4, 6, 9, 10), akustisk piano (5), Hammondorgel (6, 8) Teddy Andreadis – akustisk piano (6) Eric Clapton – sologitar (1), gitar (7) Rudy Guess – rytmegitar (1, 2), sologitar (2), gitar (3, 4, 6, 8, 9), elektrisk gitar (5), mandolin (8) Mark Bosch – akustisk gitar (5), elektrisk gitar (5) Paul Hipp – akustisk gitar (5), korvokal (5) Wayne Pedzwater – bass (1, 2, 5-10) Seth Glassman – bass (3, 4) Steve Ferrone – trommer (1, 3, 6, 7, 9) Max Weinberg – trommer (2) Omar Hakim – trommer (5, 8), cymbal (10) Jimmy Bralower – tamburin (1, 8), kubjølle (2), pauker (3), elektroniske trommer (4), perkusjon (4) Sammy Figueroa – perkusjon (3, 6, 7, 9, 10) Michael Brecker – saksofon (1) Jimmy Roberts – saksofon (5) Branford Marsalis – saksofon (8) Nick Lane – trombone (5) Jimmy Zavala – munnspel (8) Richard Hardy – fløyte (10) Heidi Berg – korvokal (9) Angela Capell – korvokal (9) Kacey Cisyk – korvokal (9) Sherry Goffin – korvokal (9)

Production Produsentar – Carole King og Rudy Guess Leiande produsent – Tom Whalley Innspelt og miksa av James Farber i Skyline Studios (New York, NY). Andre lydteknikar – Eugene «UE» Nastasi Mastering av Greg Calbi i Sterling Sound (New York, NY). Kunstnarisk leiar – Tommy Steele Design – Jeffrey Fey Fotografi – Caroline Grayshock

Salslister Liste (1989)PlasseringAustralia (Kent Music Report)40Den kanadiske RPM-lista66Den nederlandske albumlista67U.S. Billboard 200[ Allmusic - Charts & Awards]111

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «City Streets (album)» frå , den 26. mai 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Carole King-album Kategori:Priority Records-album