Fantasy er det femte studioalbumet til den amerikanske musikaren Carole King, gjeve ut i 1973. Då det kom ut nådde det sjetteplassen på den amerikanske Billboard 200-lista, som var lågare enn dei tidlegare albuma hennar, men har vore høgt akta av fansen hennar i dei siste tiåra. Albumet er presentert som ein songsyklus og opnar og avsluttar med to versjonar av tittelsporet og songane på kvar side av plata glir over i kvarandre.
Den spanskspråklege songen «Corazón» (det spanske ordet for «hjarte», òg brukt som eit omgrep for kjærleik, som i teksten til denne songen) var ein moderat hitsingel frå albumet, det same var «Believe in Humanity». Baksiden av sistnemnde singel, «You Light Up My Life» (ikkje Debby Boone-hitten), gjekk inn på singellista separat frå A-sida.
I motsetnad til dei tidlegare albuma hennar, har dette albumet ein polert, soul-aktig produksjon.
Allmusic skreiv om albumet: «Dei som leitar etter Tapestry, part 2 eller 3 ville bli skuffa, men kjernen i Fantasy innfrir det idiosynkratiske løftet.»
Innhald
Medverkande Carole King - vokal, piano, korvokal, stryar- og blåsearrangement David T. Walker - gitar Charles Larkey - bassgitar, kontrabass Susan Ranney - kontrabass Harvey Mason - trommer, vibrafon Ms. Bobbye Hall - conga, bongo Eddie Kendricks - korvokal Tom Scott, Curtis Amy, Ernie Watts, Mike Altschul - saksofon Chuck Findley, Ollie Mitchell, Al Aarons - trompet, flygelhorn George Bohanon - trombone, eufonium, trombone arrangement Charles Loper, Dick «Slyde» Hyde - trombone Ken Yerke, Barry Socher, Sheldon Sanov, Haim Shtrum, Kathleen Lenski, Miwako Watanabe, Glenn Dicterow, Polly Sweeney, Robert Lipsett, Gordon Marron - fiolin Denyse Buffum, David Campbell, Alan DeVeritch, Paul Polivnick - bratsj Jeffrey Solow, Judy Perett, Denis Brott, Dennis Karmazyn - cello Teknisk Hank Cicalo - lydteknikar
Salslister
Vekeslister Liste (1973)PlasseringAustralia (Kent Music Report)24Kanadiske RPM-listaLibrary and Archives Canada. Henta 21. mai 20227Den japanske albumlista2USA Billboard Pop Albums[ Allmusic - Carole King > Fantasy > Charts & Awards > Billboard Albums]6
Årslister Liste (1973)PlasseringU.S. Billboard Year-End66
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fantasy (Carole King album)» frå , den 21. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Carole King-album Kategori:Album produserte av Lou Adler Kategori:Plateomslag av Drew Struzan Kategori:Ode Records-album Kategori:Album spelte inn i A&M Studios