Horpestad skule er ein barneskule i Klepp kommune som ligg ved Horpestad. Han har elevar frå 1. til 7. trinn.

Skulen blei opphavleg skipa i Horpestad i 1865, men blei flytta til Friestad i 1922. Det første skulebygget blei reist i 1922. Det kom eit nytt bygg i 2008 kalla «Nybygget».

Horpestad er den minste barneskulen i Klepp kommune. I 2023 hadde han 110 elevar. Skuleåret 2023/2024 var det siste for Horpestad skule, før Kleppelunden skule opnar i 2024.

Kjelder

Kategori:Barneskular i Rogaland Kategori:Klepp kommune