«Sweet Seasons» er ein song skriven av Carole King og Toni Stern og gjeven ut av King i 1971 på albumet Music. Han var den einaste singelen frå albumet som gjekk inn på singellista og det var den andre av fire topp 10-hittar for ho i USA.
Bakgrunn
E! News-reporteren Josh Grossberg skildra songen som ein av dei største hittane til King. Cash Box skildra han som ein «piano pumper-thumper» som er «lys og luftig».
Musikologen James Perone skildra teksten til Stern som mindre personleg enn tekstane Stern og King skreiv for songar på det tidlegare albumet til King, Tapestry. Det er likevel ei linje som Perone ser på som personleg, når King syng om å få barn og bygga eit liv på landet. Perone føler at denne linja refererer til Kings døtrer og flyttinga hennar til Idaho. I følgje New Jersey Star-Ledger-reporteren Tris McCall, framstiller teksten songaren på ein måte som King ofte framstiller hovudpersonane i songane hennar, som «skapre og bedårande, men òg vanskelege og refleksivt sjølvaktuelle».
Perone skildra songen som 'Top 40, pop-orientert', men høyrer òg element i arrangementet som føregrip stilen til Steely Dan så vel som Rickie Lee Jones sitt hornarrangement i «Chuck E.'s in Love». Perone vurderer songen som «ein ideell AM-radio, topp-40 poplåt ... som står seg like godt som nokon av Carole Kings hitkomposisjoner». Men Tim Crouse frå Rolling Stone skildra songen som eit skuffande søppel. Skodespelarinna Jessie Mueller, som portretterte King i Broadway-musikalen Beautiful: The Carole King Musical, ser på «Sweet Seasons» som ein av favorittane hennar av King.
Medverkande Henta frå The Words and Music of Carole King.3 Carole King – vokal, piano Curtis Amy – tenorsaksofon Oscar Brashear – flygelhorn Bobbye Hall – bongo, conga Danny Kortchmar – elektrisk gitar Charles Larkey – bassgitar Joel O'Brien – trommer Ralph Schuckett – Hammondorgel
Salslister «Sweet Seasons» nådde niandeplassen i USA og 12. plassen i Canada. Det var òg ein Adult Contemporary-hit i begge landa og nådde høvesvis andreplassen og 21. plassen. Songen var òg populær i Tyskland, særleg blant yngre folk.
Vekeslister Liste (1972) PlasseringAustralia Go-Set19Australia KMR23 Canada RPM 100 Singles12 Canada Adult Contemporary21 U.S. Adult Contemporary2 U.S. Billboard Hot 1009 U.S. Cash Box Top 100 8
Årslister Liste (1972)PlasseringAustralia KMR162U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)94U.S. Cash Box 84
Andre versjonar «Sweet Seasons» har blitt spelt av mange andre musikarar, som The Isley Brothers (1972), Francis Yip (1973) og Micky Dolenz (2010).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sweet Seasons» frå , den 20. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Carole King-songar Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Songar skrivne av Toni Stern Kategori:Songar produserte av Lou Adler Kategori:Ode Records-singlar Kategori:Songar om årstider Kategori:The Isley Brothers-songar