«Some Kind of Wonderful» er ein song av Gerry Goffin og Carole King som først vart gjeven ut av The Drifters i 1961.
Originalinnspelinga til The Drifters nådde 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og sjetteplassen på den amerikanske Billboard R&B-lista.
Andre kjende versjonar av songen er av Marvin Gaye (1967), Jay and the Americans (1970), Carole King (1971), Peter Cincotti (2004), Aled Jones med Cerys Matthews (2007) og Michael Bublé på luksusutgåvene av det fjerde studioalbumet hans, Crazy Love (2009).
På det doble albumet The Drifters 24 Original Hits (UK, 1975, Atlantic Records), er songen feilaktig tilskriven John Ellison, som òg skreiv ein song kalla «Some Kind of Wonderful». På same vis er Q-Tips sin versjon av songen på det sjølvoppkalla debutalbumet deira frå 1980 feilaktig tilskriven Goffin og King.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Some Kind of Wonderful av The Drifters» frå , den 20. mai 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Songar frå 1961 Kategori:The Drifters-songar Kategori:Marvin Gaye-songar Kategori:Jay and the Americans-songar Kategori:Carole King-songar Kategori:Songar med tekst av Gerry Goffin Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Atlantic Records-singlar