Exotic Creatures of the Deep er det 21. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks.
Utgjeving Exotic Creatures of the Deep gjorde det like godt som det føregåande albumet, Hello Young Lovers, i Storbritannia, der det nådde litt høgare på UK Album Chart med ein 54. plass. Ei avgrensa utgåve kom ut i pappomslag i mange land med ein plakat. Den japanske utgåva kom med eit bonusspor, «Brenda Is Always in the Way», i tillegg til ein DVD med fem kortfilmar.
Det vart gjeve ut to singlar frå albumet. Den første, «Good Morning» den 12. mai 2008, var på iTunes, som var for første gongen for gruppa. Den andre, «Lighten Up, Morrissey» i mars 2009 kom ut på ein 7-tommra med «Brenda Is Always In The Way» som B-sida. Ingen av singlane gjekk inn på singellista i Storbritannia.
Exotic Creatures of the Deep vart òg marknadsført i Storbritannia med ei rekkje konsertar kalla «Sparks Spectacular»: 20 konsertar på rad frå 16. mai til 11. juni 2008 i Carling Islington Academy i London, der gruppa spelte eit av dei tidlegare 20 albuma sine i sin heilskap i kronologisk rekkjefølgje. Den siste konserten i Shepherd's Bush Empire i London den 13. juni var premieren på Exotic Creatures of the Deep.
Innhald
Medverkande Russell Mael – all vokal, lydteknikar, miksing Ron Mael – klaverinstrument, programmering, orkestrering, miksing Tammy Glover – trommer Dean Menta – gitar John Thomas – miksing, lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Exotic Creatures of the Deep» frå , den 30. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Sparks-album Kategori:Album spelte inn i heimestudio