«Rolling Stone» er debutsingelen til Suzi Quatro som soloartist, gjeven ut i 1972. Namnet hennar vart feilstava Susie Quatro på det første trykket. Singelen vart ikkje ein suksess, utanom i Portugal, der han gjekk til topps på singellista.

Bakgrunn Det var den første solosingelen til Qustro og kom ut etter ho flytta frå USA til Storbritannia. I USA hadde ho alt gjeve ut to singlar med kvinnegruppa The Pleasure Seekers.

B-side, «Brain Confusion (For All the Lonely People)», var skriven av Quatro og vart opphavleg spelt inn medan ho var ein del av The Pleasure Seekers. The Pleasure Seekers vart til Cradle. Då Mickie Most såg Quatro framføre songen med Cradle valde han å signere ho som soloartist. Versjonen av songen på denne singelen er ei nyinnspeling med Quatro og studiomusikarar.

Songen «Rolling Stone» vart opphavleg skriven av Phil Dennys, som laga arrangement for bandet Jade. Teksten vart omskriven av Hot Chocolate-frontmannen Errol Brown (og Quatro sjølv, men det var ikkje oppført) slik at dei passa betre for Quatro.

Medverkande Suzi Quatro – bass, solovokal Peter Frampton – gitar Micky Waller – trommer Errol Brown – korvokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rolling Stone (Suzi Quatro song)» frå , den 15. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutsinglar frå 1972 Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Songar skrivne av Errol Brown Kategori:Songar produserte av Mickie Most Kategori:Suzi Quatro-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Portugal Kategori:RAK Records-singlar