Your Mamma Won't Like Me er det tredje studioalbumet til den amerikanske musikaren Suzi Quatro. Det kom ut i mai 1975 på Rak i fleire land, men kom ut i USA på Arista Records. Plata markerte ei endring i hardrockstilen hennar frå dei to førre albuma Suzi Quatro og Quatro, mot ein meir funk-basert rockestil.

Tittelsporet nådde 31. plassen på den britiske singellista i februar 1975. Den andre singelen til bandet, «I Bit off More Than I Could Chew», nådde òg lista, og nådde 54. plassen på den britiske singellista. «Michael» vart gjeven ut på singel i somme land, inkludert Australia, der han gjekk inn på topp 100. Albumet nådde albumlistene i fleire land, med ei topp 50-plassering i Tyskland, Noreg og New Zealand, i tillegg til at det nådde 146. plassen i USA.

Albumet inneheld ein coverversjon av Little Willie John sin «Fever». Dette var den siste plata hennar med Alistair Mackenzie på klaverinstrument og Mike Deacon erstatta han etter dette. I 2012 vart albumet gjeve ut på ny og digitalt ommastra på 7T's Records i Storbritannia, i lag med dei andre studioalbuma hennar. Denne utgåva kom med bonusspor og nokre sjeldne fotografi.

Innhald

Salslister Liste (1975)Peak PositionAustralia (Kent Music Report)11

Medverkande Suzi Quatro - solovokal, bassgitar Len Tuckey - sologitar, korvokal Dave Neal - trommer, korvokal Alistair Mackenzie - klaverinstrument, korvokal Bud Beadle - saksofon Chris Mercer - saksofon Mick Eve - saksofon Steve Gregory - saksofon Ron Carthy - trompet Pete Coleman - lydteknikar Mike Chapman - produsent Nicky Chinn - produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Your Mamma Won't Like Me» frå , den 15. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Suzi Quatro-album Kategori:Rak Records-album Kategori:Album produserte av Mike Chapman Kategori:Musikkalbum frå 1975