«Roll Away the Stone» er ein song av det engelske rockebandet Mott the Hoople, spelt inn før Mick Ralphs slutta i bandet. Songen var skriven av Ian Hunter og gjeven ut på CBS. På denne utgåva speler Ralphs sologitar og Thunderthighs syng på mellomspelet. Han vart spelt inn på ny av bandet for albumet deira The Hoople i 1974 med Ariel Bender på sologitar og den engelske vokalisten Lynsey de Paul på vokal på mellomspelet.
Han nådde åttandeplassen på UK Singles Chart i to veker i desember 1973 og låg fem veker inne på topp 10. Då bandet spelte på BBC-showet Top of the Pops den 15. november 1973, spelte trommeslagaren Dale «Buffin» Griffin trommer med to biljardkøar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Roll Away the Stone» frå , den 16. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mott the Hoople-songar Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Ian Hunter Kategori:Glamrock-songar