Drive On er det åttande studioalbumet til det britiske bandet Mott (eit år før kalla Mott the Hoople). Det kom ut på CBS i Storbritannia og Columbia i USA i 1975. Ei ommastra utgåve av albumet kom ut på CD i 2006 i SUA. Det var det første albumet deira utan den tidlegare frontmannen og songaren Ian Hunter, og inkluderer to nye medlemmar: Ray Major og Nigel Benjamin.

Albumet inneheld singlane «Monte Carlo / Shout It All Out» og «By Tonight / I Can Show You How It Is».

Bakgrunn Etter The Hoople (1974), kom konsertalbumet Live raskt ut, før gitaristen Ariel Bender vart erstatta av Mick Ronson. Mott The Hoople enda då vokalisten, låtskrivaren og gitaristen Hunter slutta i gruppa for å starte eit soloband i lag med Ronson.

I januar 1975 kom Ray Major og songaren Nigel Benjamin inn i gruppa, som korta namnet sitt til Mott. Den nye besetninga bestod av Pete Watts, Dale Griffin og Morgan Fisher, i lag med gitaristane Major (tidlegare frå Opal Butterfly, Hackensack, og ei kort tid med Andy Fraser og Frankie Miller) og den relativt ukjende Benjamin.

Watts skreiv dei fleste songane, med bidrag frå Griffin og Major.

Denne besetninga gav berre ut eitt album til, Shouting and Pointing (1976), som selde svakt. Drive On var det siste studioalbumet deira som gjekk inn på den britiske albumlista.

Innhald Alle spor skrivne av Pete Overend Watts, utanom der andre er nemnde.

Medverkande Mott Nigel Benjamin – solovokal (spor 1-4, 7-11), korvokal (spor 5, 6, 11) akustisk gitar (spor 7) Ray Major – sologitar (spor 2-6, 8-11), rytmegitar (spor 2, 3, 10), slidegitar (spor 1), korvokal (spor 10) Morgan Fisher – piano (spor 1-6, 9-11), synthesizer (spor 2-4, 8), orgel (spor 2, 4, 10), Davolisint (spor 2, 8), elektrisk piano (spor 4, 8, 9, 11), korvokal (spor 2, 5, 10), klokkespel (spor 5), bass (spor 8) Pete Overend Watts – bass (spor 1-6, 9-11), rytmegitar (spor 1, 5, 6, 8, 10), korvokal (spor 2, 3), solovokal (spor 5, 6), akustisk gitar (spor 9) Dale «Buffin» Griffin – trommer (spor 1-6, 8-11), korvokal (spor 2, 6) Andre medverkande Stan Tippins – korvokal (spor 2, 10, 11)

Teknisk Mott – produsent, arrangør Alan Harris, Geoff Emerick, Ron Fawcus – lydteknikarar Arun Chakraverty – mastering Kunstnarisk leiar – Roslav Szaybo Gary Edwards, Geoff Emerick, Pete Henderson – miksing Mike Putland, Peter Lavery – fotografi Roger Bamber – fotografi (framsida)

Salslister ÅrAlbum PlasseringUK Official ChartsUS Billboard 200 1975 Drive On Utgjeve: September 1975 Selskap: Columbia Format: LP35160

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Drive On (Mott album)» frå , den 16. mars 2022. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Drive On review Drive On at Discogs

Kategori:Mott the Hoople-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Columbia Records-album