Fuglereir (Neottia nidus-avis) er ei plante i fuglereirslekta Neottia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Utsjånad Fuglereir er utan klorofyll og snyltar på andre planter for å få næring. Planta blir kring 30 centimeter høg og er brun, slik at ho kan sjå ut som ho har visna. Einskildblomane er gulbrune med relativt stor, kløyvd leppe, og sit i eit ganske stort og tett aks. Rotsystemet er svært forgreina og samanfiltra, noko som har gitt arten namn.
Systematikk Tidlegare var fuglereir den einaste representanten i Noreg for slekta Neottia, men nyare genetisk forsking har synt at den tidlegare tvibladslekta Listera skal innlemmast i denne slekta, trass i dei store morfologiske ulikskapane.
Utbreiing Fuglereir veks i kalkrik skog, og har hovudutbreiinga i Noreg nær kysten frå Oslofjorden til Trøndelag. Frå 2021 er arten komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn nästrot), i Danmark (LC, dansk namn rederod) og i Finland (NT, finsk namn pesäjuuri).
Fuglereir (engelsk namn bird's-nest orhid) veks mange stader i England, Wales, Skottland og Irland. I den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT). Lokalt er han sårbar (VU) i England, livskraftig (LC) i Wales, og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland. Arten er livskraftig i Irland,
I Estland (estisk namn pruunikas pesajuur) veks fuglereir over heile landet og er rekna som livskraftig (LC). I Latvia (latvisk namn parastā ligzdene) er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista. I Litauen (litauisk namn rusvoji lizduolė) veks arten spreidd over det meste av landet, mest i lauvskog og blandingsskog. Han er rekna som livskraftig.
I Benelux veks arten (nederlandsk namn vogelnestje, fransk namn néottie nid d'oiseau) i Nederland no stort sett berre nokre få stader i Limburg. I Belgia er han svært sjeldan i Flandern, noko vanlegare i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd). I Belgia er han rekna som sterkt truga (EN, bedreigd) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som livskraftig (LC).
I Tyskland er arten (tysk namn Vogel-Nestwurz) rekna som livskraftig (LC, ungefährdet), i Polen (polsk namn gnieźnik leśny) veks han pver det meste av landet og blir rekna som livskraftig (LC).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Fuglereir