Stor skogfrue (Cephalanthera damasonium) er ei plante i skogfrueslekta Cephalanthera i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten finst ikke i Noreg.

Utsjånad Stor skogfrue liknar mykje på den nære slektningen kvit skogfrue, men kan bli noko større og har breiare blad.

Utbreiing Stor skogfrue er utbreidd i store delar av Europa og i nokre område i Asia og Nord-Afrika. I Sverige (svensk namn stor skogslilja) finst arten berre på Gotland og er i 2025 oppgradert frå sårbar til sterkt truga (EN). I Danmark (dansk namn hvidgul skovlilje) er arten rekna som sårbar (VU) og har nokre veksestader på Sjælland og Møn.

Stor skogfrue (engelsk namn white helleborine) veks fleire stader sør i England, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista er arten i 2025 nedgradert frå sårbar til livskraftig (LC) etter ei stabilisring av bestanden dei siste åra, medan han lokalt for England framleis har status som sårbar (VU).

I Benelux er arten (nederlandsk namn bleek bosvogeltje, fransk namn céphalanthère blanchâtre) svært sjeldan i Nederland utanom i Limburg. Han er òg svært sjeldan og i tilbakegang i Flandern, der han berre finst i nordaust, men er noko vanlegare i Vallonia, mest i kalkområda i sør. I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd), I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia. I Luxembourg er han i 2025 nedgradert frå nær truga til livskraftig (LC).

I Tyskland er arten (tysk namn Bleiches Waldvöglein) rekna som livskraftig (LC, ungefährdet). I Polen er arten (polsk namn buławnik wielkokwiatowy) rekna som nær truga (NT, bliski zagrożenia).

Hybridar Stor skogfrue kan danne hybridar med kvit skogfrue (Cephalanthera damasonium × longifolia eller Cephalanthera ×schulzei). I Sverige er hybriden registrert på Gotland, og på Dei britiske øyane i Hampshire og West Sussex.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Skogfrueslekta