Sara Takanashi () er ein japansk skihoppar frå småbyen Kamikawa på Hokkaido. Ho har vunne verdscupen i skihopping fire gongar og er den skihopparen som har sigra i flest hopprenn i verdscupen. Takanashi har åtte medaljar frå verdsmeisterskap og olympisk leikar, men ikkje ein einaste individuell gullmedalje.
Aktiv Takanashi deltok som 14-åring i Ski-VM 2011 i Oslo og kom på sjetteplass. Fyrste sigeren i verdscupen i skihopping kom i mars 2012, i Zao i heimlandet. Frå 2013-sesongen tok Takanashi posisjonen som den suverent beste skihopparen på kvinnesida. Fram til 2017 dominerte ho internasjonal hoppsport, vann verdscupen fire gongar. I 2014-sesongen vann ho 15 av 18 individuelle renn og i 2016-sesongen steig ho til topps i 14 av 17 verdscup-renna. Pr 1.3.2022 står Takanashi med 61 individuelle verdscup-triumfar, fleire enn alle andre skihopparar.
Takanashi har delteke i seks verdsmeisterskap og to olympiske leikar. Til mange av meisterskapane har ho vore stor favoritt, utan ho har lukkast å vinne ein individuell gullmedalje. Einast i Ski-VM 2013 vart ho verdsmeister, då ho var med i det japanske mannskapet som vann mix-tevlinga.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 2011: Nr 6 individuelt Ski-VM 2013: Sølv individuelt. Gull i mix-tevling Ski-VM 2015: Bronse i mixtevling. Nr 4 individuelt Ski-VM 2017: Bronse individuelt og i mixtevling Vinter-OL 2018: Bronse individuelt Ski-VM 2019: Nr 6 individuelt Ski-VM 2021: Sølv i storbakken, bronse i normalbakken Vinter-OL 2022: Nr 4 i hopprennet
Takanashi vart i 2017 tildelt Holmenkollmedaljen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sara Takanashi» frå , den 28. februar 2022.
Kategori:Japanske skihopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Japan Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Deltakarar under vinter-OL for ungdom 2012 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2018 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2022