Flugeblom (Ophrys insectifera) er ei plante i flugeblomslekta Ophrys i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Utsjånad Flugeblom er ei spinkel plante som kan bli kring 30 cm høg, med nokre få enkeltblomar i ein open blomsterstand. Leppa på blomen er brunsvart med form og teikningar som gjer at han liknar eit insekt.

Formeiring Flugeblom er den einaste representanten i Noreg for den store slekta Ophrys, som bruker ein heilt spesiell metode for å sikre seg pollinering. Blomen er utforma for å likne på eit hoinsekt av ein insektart, særeigen for kvar art. Ofte har han òg ei lukt som er karakteristisk for hoene til arten. Hannane av insektarten blir i mange tilfelle klekte ut ei stund før hoene, slik at orkideen har hanninsekta «for seg sjølv» i ein periode. Dette blir kalla narrepollinering eller psudokopulasjon («falskt samleie»). Flugeblom etterliknar hoinsekt av gravekvefsar i slekta Argogorytes.

Utbreiing Flugeblom er bunden til kalkrik skog eller myr. I Noreg har han hovudområdet sitt vest for Oslofjorden, og har elles nokre funnstader ved Snåsa i Trøndelag og i Bodø-området i Nordland. Flugeblom er freda, og er på Norsk raudliste for artar oppgradert i 2021 frå nær truga til sårbar (VU).

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn flugblomster), i Danmark (CR, dansk namn flueblomst) og i Finland (EN, finsk namn kimalaisorho).

Flugeblom (engelsk namn fly orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane utanom Skottland, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU), slik han òg er i England og Wales. I Irland har han status som nær truga (NT).

I Estland (estisk namn kärbesõis) veks flugeblom mest på øyane og vest på fastlandet og er rekna som nær truga (NT). I Latvia (latvisk namn mušu ofrīda) er arten sjeldan og veks berre i vest på kalkrik mark. Han er klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana). I Litauen (litauisk namn musinis ofris) vart arten oppdaga i 1993 og er berre kjend frå fire lokalitetar i nord og midt i landet. Han er rekna som kritisk truga (CR).

Ei melding om funn av underarten Ophrys insectifera ssp. aymoninii (av somme rekna som ein egen art, Ophrys aymoninii) sør i Litauen er ikkje verifisert.

I Benelux veks arten (nederlandsk namn vliegenorchis, fransk namn ophrys mouche) i Nederland no berre i Limburg. I Belgia er han i sterk tilbakegang og no svært sjeldan i Flandern, litt vanlegare i kalkområda i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd). I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).

I Tyskland er arten (tysk namn Fliegen-Ragwurz) rekna som sårbar (VU, gefährdet). I Polen (polsk namn dwulistnik muszy) veks han i den sørlege delen av landet og blir rekna som sårbar (VU, narażony).

Hybridar I England er det påvist at flugeblom kan danne hybridar med biblom (Ophrys apifera × insectifera, òg kalla Ophrys ×pietzschii), men denne er svært sjeldan. Hybriden med Ophrys sphegodes (Ophrys insectifera × sphegodes eller Ophrys ×hybrida) er påvist nokre gonger i Kent.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Flugeblomslekta