Pokémon Legends: Arceus er eit action-rollespel utvikla av Game Freak og utgjeve av Nintendo og The Pokémon Company til Nintendo Switch. Det høyrer til den åttande generasjonen av Pokémon-spel og fungerer som ein prequel til Pokémon Diamond og Pearl (2006), Pokémon Platinum (2008) og remakane Pokémon Brilliant Diamond og Shining Pearl (2021).

Spelet vart utgjeve den 28. januar 2022, etter å ha vorte annonsert som del av 25-årsjubileet til Pokémon saman med Pokémon Brilliant Diamond og Shining Pearl. Trass i at det har andre spelemekanikkar samanlikna med dei tradisjonelle Pokémon-spela, fekk Pokémon Legends: Arceus positiv mottaking og selte over 6,5 millionar kopiar ei veke etter utgjevinga.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pokemon Legends: Arceus» frå , den 10. februar 2022.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Action-rollespel Kategori:Dataspel frå 2022 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Pokémon