Anne Brontë () var ein engelsk forfattar. Ho var den yngste av dei tre Brontë-systrene; Charlotte var den eldste og Emily den mellomste. I 1845 gav dei tre systrene ut ei diktsamling under mannlege pseudonym; Anne sitt var «Acton Bell».

Anne Brontë var dotter av ein fattig irsk prest i den engelske kyrkja, og ho budde det meste av livet med familien sin i soknet Haworth på lyngheiane i Yorkshire. I nokre år gjekk ho på kostskule. Då ho var 19 år forlét ho Haworth og arbeidde som guvernante mellom 1839 og 1845. Etter å ha forlate lærarjobben sin oppfylte ho dei litterære ambisjonane sin. Ho skreiv eit bind poesi saman med søstrene sine, Poems by Currer, Ellis, and Acton Bell i 1846, og to romanar. Agnes Grey byggjer på erfaringane hennar som guvernante, og vart gitt ut i 1847. Den andre og siste romanen hennar, The Tenant of Wildfell Hall, kom i 1848 og er rekna som ein av dei første gjennomførte feministiske romanane i ettertida. Livet hennar var kortvarig då ho døydde av tuberkulose i ein alder av berre 29 år.

Hovudsakleg på grunn av at gjenutgjevinga av The Tenant of Wildfell Hall vart forhindra av Charlotte Brontë etter at døydde, er ho mindre kjend enn systrene sine, Charlotte, forfattar av fire romanar, blant anna Jane Eyre, og Emily, forfattar av Wuthering Heights (Stormfulle høyder).«Ann Brontë Remembered in Scarborough» . www.annebronte.scarborough.co.uk. Likevel har romanane hennar, slik som dei til systrene, vorte klassikarar i engelsk litteratur.

Bibliografi

Agnes Grey, 1847 The Tenant of Wildfell Hall (norsk Kvinnen på Wildfell Hall), 1848

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anne Brontë» frå , den 19. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Bradford Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Engelske forfattarar