Jitterbuggare eller mini-jitterbuggare er ei svensk småkake med spiralform som blir danna av mørdeig og marengs.

Kakene blir laga av ein utkjevla mørdeig av mjøl, sukker, smør og egg eller eggepplomme og eit lag marengs av eggekvit og sukker. Laga blir rulla saman og så delt i skiver som ein steiker til sprøe kaker.

Kakene har vore populære i Sverige sidan 1940-talet til fika eller kafferep. Jitterbugs var tittelen på ein Helan og Halvan-film frå 1943. Dansen jitterbug var også populær på denne tida, og skal vera opphavet til namnet.

Kjelder

Kategori:Småkaker Kategori:Svensk mat