Ingeborg Boyine Flood () var ein norsk forfattar, lyrikar og slektsforskar, kjend for ein allsidig og produktiv forfattarskap.
Familie og ekteskap Ingeborg Flood var dotter av tollkontrolløren og forfattaren Just Wright Flood (1850–1936) frå slekta Flood og Stine Marie Olsen Mostad (1856–1922). Ho vart gift 18. mars 1939 gift med reiseføraren Herman Hoë Brodtkorb (1878-1946). Ho vart gift for andre gong 23. januar 1948 med arkitekten Finn Fauchald Narum (f. 1890).
Liv og virke Sjølv om Flood ikkje hadde noka utdanning ut over gymnaset, hadde ho ei betydeleg intellektuell verksemd gjennom fleire tiår. Ho utmerka seg først som lyrikar, med debuten Nattevakt i 1929, og fire diktsamlingar til i løpet av 1930-åra. Den siste diktsamlinga hennar, Godt å være to, vart utgjeven i 1945. Sistnemnde vert rekna saman med Hverdagens under frå 1932 som den beste diktsamlinga hennar.
Mot slutten av 1930-åra byrja Flood ein løpebane som slektsforskar, med utgjevinga av boka Slekta Paulsen (Sorknes-slekten). Dette vart den første i ei lang rekkje personalhistoriske og genealogiske utgjevingar. Blant dei siste bøkene hennar i denne sjangeren var den slektshistoriske skildringa av hennar eigen familie, i Skiensfamilien Flood (1959). Ho var medarbeidar i fleire slektshistoriske publikasjonar og virka som redaktør for Norsk slektskalender.
Rundt 1950 la ho ein ny type utgjevingar til virket sitt, gjennom bøker beståande av skisser som bygde på gamle rettsdokument, blant anna med I kro og strede: kulturhistoriske skisser fra gamle tingbøker (1951) og Fra Nattmannshaugen til Hovedtangen: skisser fra gamle rettsdokumenter (1952). Ho dokumenterte òg lokalhistoria på Lysaker og Ullern. Ho var dessutan hovudredaktør for verket Norges Apotek og deres innehavere, der ho sjølv skreiv bind 3-6.
Flood var i 1948–51 styremedlem i Kunstnerforeningen, som i 1950 heidra henne med riddarkrossen av Purpurneseordenen.
Bibliografi
Diktsamlingar
1929: Nattevakt, dikt, Some & Co:s Forlag, Oslo 1930: Demring, dikt, Some & Co:s Forlag, Oslo 1932: Hverdagens under, dikt, Some & Co:s Forlag, Oslo 1934: Nattens brev, dikt, Aschehoug, Oslo 1937: Ja!, dikt, Aschehoug, Oslo 1945: Godt å være to, dikt, Aschehoug, Oslo
Genealogisk og personalhistorisk litteratur
1937: Slekten Paulsen (Sorknes-slekten) 1938: Slektsoptegnelser: Boberg-familien (manuskript) 1938: Slekten Skar, Skard 1943: Liten håndbok i ættegranskning, Dreyer, Oslo 1944: Gjedde: stamtavle over den gamle adelige slekt, Cammermeyer, Oslo 1947: Presteslekten Lund fra Stod, på grunnlag av Aagaat Daaes stamtavle fra 1918 1949: Norsk slektskalender, bd. 1 1953: Christiania-slekten Bugge 1953: Slekten Robertson 1953–59: Norges Apotek og deres innehavere, bd. 3–6 1957: Rygge, bd. 1 Gårder og slekter, Rygge 1959: Skiensfamilien Flood, Larvik, 2. utg. 1961 1961: Slekten Steenstrup, Oslo
Kulturhistoriske arbeid
1949: Kanaljer og godtfolk, Aschehoug, Oslo 1951: I kro og strede: kulturhistoriske skisser fra gamle tingbøker, Gyldendal, Oslo 1951: Lysaker vel 1901-1951 1952: Fra Nattmannshaugen til Hovedtangen: skisser fra gamle rettsdokumenter, Gyldendal, Oslo 1963: Ullernåsen (sm.m. Sverre M. Halbo), Oslo
Andre utgjevingar
1943: Sommer på landet, biletbok med tekst av Ingeborg Flood
Legat og stipend
Schäffers legat 1933, 1936 og 1938 Statens forfatterstipend 1940 Houens legat 1943 Henrichsens reisestipend 1945 DNFs reisestipend 1946
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingeborg Flood» frå , den 15. november 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Ingeborg Flood i Norsk biografisk leksikon
Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske forfattarar