Trine Rein (fødd 7. november 1970) er ein norsk songar. Ho er fødd i San Francisco og har både amerikansk og norsk statsborgarskap.
Liv og virke Rein er oppvaksen på Nesodden.50 års omtale i Aftenposten 7. november 2020 Etter eit kort opphald i USA, der ho jobba som limousinsjåfør, kom ho attende til Noreg.
Rein fekk gjennombrot i 1993 med debutalbumet Finders, Keepers som låg øvst på salslistene i Noreg i fem veker og totalt selde til 3 gonger platina. Albumet gav ho prisen Årets nykommer under Spellemannprisen 1993. Året etter vart ho nominert til årets spellemann under Spellemannprisen 1994, som dette året vart kåra delvis ved hjelp av publikumsrøyster. I 1996 gav Rein ut det andre albumet sitt, Beneath My Skin. For albumet vart ho nominert til Spellemannprisen 1996 i klassa kvinneleg artist.
Rein vart populær i Japan, der nesten to tredelar av totalt rundt 600 000 eksemplar av det fyrste albumet vart selde. I 2006 og 2007 deltok ho i Melodi Grand Prix. I 2009 deltok ho i Zebra Grand Prix på TV 2 Zebra, der ho saman med lagkameraten Jan Erik Larssen kom på førsteplass. Rein var deltakar i tredje sesong av Stjernekamp, der ho kom på andreplass. Ho har i fleire år turnert med eigen juleproduksjon. I 2021 vann ho Gammleng-prisen i klassa songar.
I samband med Julegaven, eit musikkalbum frå 2011 med julesongar på norsk og engelsk, stod ho fram som kristen.
I 2015 gifta Rein seg med villmarks- og ekspedisjonsfararen Lars Monsen.
Diskografi
Album
Finders, Keepers (1993) Beneath My Skin (1996) To Find the Truth (1998) Seeds of Joy (2010) Julegaven (2011) The Well (2017) Julegaven (2019) med Eli Kristin Hansveen
Singlar
«Just Missed the Train» (1993) «Stay With Me Baby» (1994) «Torn» (1996) «Do You Really Wanna Leave Me This Way» (1996) «The State I'm In» (1996) «Never Far Away» (1996) «David» (1997) «World Without You» (1998) «Stars and Angels» (1998) «Where Do We Go?» (2019) duett med Ole Børud
Samlealbum
The Very Best of Trine Rein (2004) 20 år midt i musikken - Hit'er & favoritter live (2013)
Anna
Time for Peace m. KOR-90 (2008)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trine Rein» frå , den 15. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske songarar Kategori:USA-amerikanske musikarar Kategori:Folk frå San Francisco Kategori:Folk frå Nesodden Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Melodi Grand Prix 2006-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2007-deltakarar