Nina Dobrev (døypt Nikolina Konstantinova Dobreva, ) er ein bulgarsk-canadisk skodespelar, musikar og modell. Ho har spelt rolla som den einslege tenåringsmora Mia Jones på Degrassi: The Next Generation sidan den sjette sesongen til programmet. Ho har mellom anna spelt rolla som Elena Gilbert/Kathrine Pierce/Amara i TV-serien The Vampire Diaries og Tatia i TV-serien The Originals.
Tidleg liv Dobrev vart fødd i Sofia i Bulgaria og flytta til Canada som toåring. Ho har ein storebror som heiter Alexander Dobrev. Ho budde i Toronto før ho flytta til Atlanta i Georgia for å jobba med The Vampire Diaries. Ninas mor er artist, og faren hennar er dataspesialist. Ho gjekk på J.B. Tyrell Sr. Public School og Wexford Collegiate for the Arts i Scarborough i Ontario. Frå ung alder av viste ho stor entusiasme og talent for dans, gymnastikk, teater, musikk, visuell kunst og drama. Dobrev gjekk på Dean Armstrong dramaskule, der ho vart oppdaga av ulike talentagentar i Toronto.
Karriere Modelljobbar førte til reklame, som førte til opptaksprøver for film. Kort tid etter vart ho booka til roller i filmar som Fugitive pieces, Away from Her og Never Cry Werewolf og TV-serien Degrassi: The Next Generation. Ho var òg å sjå i MTV-filmen The American Mall på CTV.
Filmografi 2006 – Repo! The Genetic Opera 2006 – Playing House 2006 – Away from Her 2007 – How She Move 2007 – The Poet 2007 – Too Young to Marry 2007 – Fugitive Pieces 2007 – My Daughter's Secret 2008 – Never Cry Werewolf 2008 – The American Mall 2008 – Mookie's Law 2008 – The Border 2009 – You Got That Light 2009 – Eleventh Hour 2006–2009 – Degrassi: The Next Generation 2009 – Degrassi Goes Hollywood 2009 – Chloe 2009 – 2015 The Vampire Diaries 2012 – The Perks Of Being A Wallflower 2014 - Let's Be Cops
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nina Dobrev» frå , den 13. november 2021.
Bakgrunsstoff
Kategori:Bulgarske skodespelarar Kategori:Kanadiske skodespelarar