Førstegangstjenesten er ein norsk humorserie frå 2019, laga av Herman Flesvig og NRK. Serien handlar om unge rekruttar som drar til ein norsk militærleir for å avtene førstegongstenesta. Flesvig speler sjølv fleire av rollene, og serien vart filma på Hvalsmoen utanfor Hønefoss.
Det vart først laga to pilotepisodar som vart sende i 2019. Episodane fekk positiv mottaking, og NRK sette seg føre å lage ein heil sesong med ti nye episodar i 2020. Sesong 2 hadde premiere i november 2021.
Serien vann Excellence-prisen i 2019 i klassen «årets programserie web-TV», og vart kåra til beste humorprogram under utdelinga Gullruten i 2021.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Førstegangstjenesten» frå , den 13. november 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Førstegangstjenesten på NRK TV
Kategori:Fjernsynsprogram frå NRK Kategori:Norske fjernsynsseriar frå 2020-åra Kategori:Norske humorseriar