Anna Maria Louisa Italiano, kjend som Anne Bancroft, () var ein amerikansk skodespelar. Ho vart fødd i Bronx i New York. Etter fleire TV-opptredenr under namnet Anne Marno vart ho beden om å endra familienamnet til spelefilmdebuten i Farlig kvinne i 1952.
I 1958 spelte Bancroft mot Henry Fonda i Broadway-oppsetninga av Two for the Seesaw, ei rolle ho vann ein Tony Award for.
Andre store roller hadde Bancroft i Halvveis til lykken (opph. The Pumpkin Eater), 7 kvinner (opph. 7 Women) og Manndomsprøven (opph. The Graduate), der ho spelte Mrs. Robinson mot Dustin Hoffman i rolla som Benjamin Braddock.
I 1964 gifta Bancroft seg med Mel Brooks, og dei vart verande gifte fram til ho døydde. Saman fekk dei ein son, Maximillian.
Bancroft var nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fem gonger, og vann i 1963 prisen for rolletolkinga si i The Miracle Worker. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Filmografi (utval)
1952 – Farlig kvinne 1954 – Demetrius and the Gladiators 1957 – The Girl in Black Stockings 1967 – Manndomsprøven 1972 – Den unge eventyrer 1976 – Lipstick 1976 – Silent Movie 1980 – Elefantmannen 1983 – To Be or Not to Be 1993 – Under kniven 1997 – G.I. Jane
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anne Bancroft» frå , den 13. november 2021.
Bakgrunsstoff
Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:Tony Award-vinnarar Kategori:Emmy-vinnarar Kategori:Folk frå New York City Kategori:USA-amerikanske skodespelarar