Magdalene Sophie Buchholm () var ein norsk forfattar. Buchholm var lyrikar og den einaste norske kvinna som vart anerkjend som forfattar på slutten av 1700-talet.Cecilie L. Solberg: Norsk kvinnelitteraturhistorie. Bind 1: 1600-1900, Oslo: Pax, 1988, s. 35. Ho vart i si tid hylla som «Nordens Sappho».

Familie Magdalene Sophie Buchholm var dotter av justisråd, seinare bergamtsforvalter Mogens Bentsen (1715–70) og Sophie Hellesdatter/Heltzen (1720–98). Ho vart gift med skipsprest, seinare sokneprest Peter Leganger Castberg (1752–1784) 12. september 1777. Som enke vart ho gift opp att 31. oktober 1785 med kjøpmann i Flekkefjord, seinare tollinspektør Joachim Frederik Buchholm (ca. 1762–1834). Ho var mor til lege og døvelæraren Peter Atke Castberg (1779–1823) og forfattaren Petrea Buchholm (1786-1870).

Liv og virke Buchholm verka frå 1770-åra i København, der ho var med i Norske Selskab.«Diskrimineres og gjemmes bort», Dagbladet, 22. februar 2012. Dikta hennar vart gjevne ut i skriftene til Norske Selskab og i ulike tidsskrift. I 1793 gav ho ut diktsamlinga Poesier (gjenutgitt i utvida utgåve i 1806).Aasen, Elisabeth: Kvinners spor i skrift. Supplement til norsk litteraturhistorie, Oslo: Samlaget, 1986, s. 42. I 1783 fekk ho Det Norske Selskabs heiderspris, ringen med den grønne sten, etter publiseringa av «heroiden» (eit oppdikta brev frå ei heltinne til sin elska) Adeluds til Torkild Trondesen.

Ragna Nielsen har eit kapittel om Magdalene Buchholm i si bok Norske kvinder i det 19de Aarhundrede. 1 (1904).

Utgjevingar

Adeluds til Torkild Trondesen, i Poetiske Samlingar, hf. 2, utg. av Det Norske Selskab, København 1783 Poesiar, København, 1793. Digitalisert utgåve frå Nasjonalbiblioteket Zetlitz' Minde, i Det norske Nationalblad 1821, s. 129–130

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Magdalene Sophie Buchholm» frå , den 12. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Ragna Nielsen: S. 85-99.

Kategori:Nordmenn frå 1700-talet Kategori:Folk frå Skien Kategori:Norske forfattarar