Keira Christina Knightley () er ein britisk skodespelar.

Knightley har spelt i ei rekkje mindre kjende filmar, og spelte mot Natalie Portman i Star Wars episode 1, der Knightley hadde rolla som tenaren til dronninga. Gjennombrotet kom med ei hovudrolle i filmen Bend it like Beckham. Seinare fekk ho svært gode kritikkar for Pirates of the Caribbean, der ho spelte mot Orlando Bloom og Johnny Depp. Same år hadde ho òg ein rolle i filmen Love Actually, som likevel ikkje vart ein umiddelbar suksess. Knightley har spelt mot skodespelarar som Adrien Brody, Mickey Rourke, Hugh Grant, Clive Owen og ei rekkje andre. I ein alder av tjue hadde ho allereie vore nominert til Oscar for beste kvinneleg hovudrolle i filmen Pride and Prejudice.

Bakgrunn og oppvekst Knightley vart fødd i Teddington i Richmond upon Thames i England som dotter av Sharman Macdonald, ein prisvinnande dramatikar, og Will Knightley, ein teater- og TV-skodespelar. Faren hennar er engelsk medan mora hennar er skotsk og delvis walisisk.Keira Knightley On Welsh Accents and Life After Pirates, rottentomatoes.com Ho har ein eldre bror, Caleb, som vart fødd i 1979.

Frå fjortenårsalderen jobba ho både som modell. Knightley har òg studert dans, har dysleksiKeira Knightley Biography – Yahoo! Movies (Engelsk). og heiar på fotball-laget West Ham.

Karriere Knightley deltok i fleire fjernsynsfilmar på midten og mot slutten av 1990-talet før ho fekk rolla som Sabé, lokkedua til Padmé Amidalas, i science fiction-filmen Star Wars Episode I: Den skjulte trussel. Knightley fekk rolla grunna likskapen hennar med Natalie Portman som spelte Padmé. Det vart sagt at mødrene til dei to skodespelarane hadde vanskar med å skilja døtrene sine frå kvarandre når dei var sminka.Buchanan, Jason: «Keira Knightley» . MSN Movies. Knightleys første hovudrolle kom i 2001 då ho spelte dottera til Robin Hood i den amerikanske fjernsynsfilmen Princess of Thieves. På same tid fekk ho ei rolle i thrilleren The Hole som vart send ut som direkte-til-video i USA. Ho opptredde i ein miniserie av Doctor Zhivago for fjernsyn. Serien fekk blanda omtale, men hadde høge sjåartal.

I 2018 vart ho utnemnd til offiser (OBE) av Order of the British Empire for sin innsats for skodespelarkunsten og for velgjerande innsats.Birthday Honours 2018: the Prime Minister's list, gov.uk.

Filmografi ÅrFilmOriginaltittelRollePrisar/nominasjonar2020MisbehaviourSally Alexander2019GreedSeg sjølv2019The AftermathRachael Morgan2019Berlin, I Love YouJane2019Official SecretsKatharine Gun2018The Nutcracker and the Four RealmsSukkerfeen2018ColetteGabrielle Colette2017Pirates of the Caribbean: Dead Men Tell No TalesElizabeth Swann-Turnar2016Collateral BeautyAmy / "Love"2015EverestJan Hall2015Legends of Chima: Fire Vs IceRinona2014The Imitation GameJoan Clarke2014LaggiesMegan2014Jack Ryan: Shadow RecruitCathy Mullar2013Begin AgainGretta2012Anna KareninaAnna Arkadyevna Karenina2011A Dangerous Method«Sabina Spielrein»2010London Boulevard«Charlotte»2010Last Night«Joanna Reed»2010Never Let Me Go«Ruth»2009The Continuing and Lamentable Saga of the Suicide BrothersFea2008The Duchess«Georgiana»2008The Edge of Love«Vera Phillips»2007Silk «Hélène Joncour»2007Om forlatelseAtonement«Cecilia Tallis»Golden Globe2007Pirates of the Caribbean: At World's End«Elizabeth Swann»2006Pirates of the Caribbean:Dead Man's Chest |Pirates of the Caribbean:Dead Man's Chest«Elizabeth Swann»2005Domino«Domino Harvey»2005Stolthet og fordomPride and Prejudice«Elizabeth Bennet»Oscarnominasjon2005The Jacket«Jackie»2004King Arthur«Guinevere»2003Doctor Zhivago (TV)«Lara Guishar»2003Love Actually«Juliet»2003Pirates of the Caribbean:The Curse of the Black Pearl<br id="mwAYk"><br><br><br>Pirates of the Caribbean:The Curse of the Black Pearl«Elizabeth Swann»2002Guten med prompebukseneThunderpantsukreditert rolle som elev ved musikkskolen2002Pure«Louise»2002Skru'n som BeckhamBend It Like Beckham«Jules»2001Princess of Thieves«Gwyn»2001The Hole«Frankie Smith»2000Oliver Twist«Rosa Fleming»1999Star Wars Episode I: Den skjulte trusselStar Wars: The Phantom Menace«Sabé»1996The Treasure SeekersPrinsessa1995Uskyldige løgnerInnocent Lies«Unge Celia»1994SommerflørtenA Village Affair«Natasha Jordan»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Keira Knightley» frå , den 12. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Richmond upon Thames Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Skodespelarar frå 2000-talet