Kirsten Olava Brunvoll, opphavleg Kirsten Olava Sørsdal, () var ein norsk dramatikar, forfattar og motstandskvinne under andre verdskrigen.Dåp Kirsten Olava, digitalarkivet, lest 28. november 2015.
Familie Kirsten Brunvoll var dotter av Jørgen og Anne Sørsdal frå Lier i Buskerud. Ho var gift med Jonas Brunvoll og mor til Gunnar Brunvoll og Jonas Brunvoll.
Andre verdskrigen Den første arrestasjonen Under den tyske okkupasjonen av Noreg, vart Kirsten Brunvoll, mannen Jonas og sonen Jonas den 28. oktober 1941 av norsk politi, medan 17 år gamle Gunnar kom seg unna.Brunvoll s. 13 Den andre sonen og ektemannen til Kirsten vart begge deporterte og sett i konsentrasjonsleir til dei vart frigjevne våren 1945.
Gunnar Brunvoll klarte å flykta frå landet. Fram til 1944 arbeidde han ved Den norske legasjonen sitt flyktningekontor i Stockholm. Deretter klarte han å koma seg til Canada og utdanna til seg krigsflygar i den norske treningsleiren Little Norway.
Kirsten Brunvoll sat i kvinnefengselet i Åkebergveien ei tid, med brevforbod, besøksforbod og forbod mot å søkja juridisk bistand.
Deportasjonen til tyske konsentrasjonsleirar Ho vart arrestert på nytt og internert på Grini, og deretter deportert til Hamburg den 16. februar 1943 med skipet «Lappland».Bruland, Bjarte: Øyenvitner. Lysaker: Dinamo forlag, 2012. Lisa Segal og mor hennar, Fanny, var på same båt. I Hamburg vart dei sette i Hüttenfengselet. Medan dei var der, vart Hamburg bomba av allierte fly fleire gonger. Frå fengselet i Hamburg vart Brunvoll sendt til konsentrasjonsleiren Ravensbrück, og seinare vidare til Majdanek-leiren ved Lublin. Mot slutten av krigen vart ho evakuert frå Majdanek til Auschwitz og attende til Ravensbrück. Frå Ravensbrück vart ho henta av Bernadotte sine kvite bussar.Brunvoll, Kirsten: Veien til Auschwitz. Oslo: Aschehoug, 1947.
Etter krigen Kirsten Brunvoll skildra opplevingane i dei tyske konsentrasjonsleirane i boka Veien til Auschwitz, som kom ut første gong i 1947. Ho var ei av tre norske kvinner i Majdanek.Dagbladet, 21. april 2012, s. 25. Under Auschwitz-rettssakene i Warszawa vitna ho saman med Kai Feinberg.
Etter krigen enda ho virket som dramatikar og forfattar.
Bibliografi
Dramatikk
1932: Brunvoll, Kirsten: Forviklinger : lystspill i to akter, Aschehoug forlag 1934: Brunvoll, Kirsten Tre ulykkelige : skuespill i 2 akter, Aschehoug forlag 1936: Brunvoll, Kirsten: Kamerater : seks sketcher for Framlagene og andre barnelag, Tiden Norsk Forlag/Arbeiderteatret 1938: Brunvoll, Kirsten: Har De sett min sønn : skuespill i 3 akter, Tiden Norsk Forlag 1938: Brunvoll, Kirsten: Sjømenn går ombord : lystspill i 6 avd, Aschehoug forlag 1939: Brunvoll, Kirsten: Enebarn : skuespill i 2 akter, Aschehoug forlag 1948: Brunvoll, Kirsten: Det spøker : lystspill i 1 akt, Aschehoug forlag 1948: Brunvoll, Kirsten: På venteværelset : komedie i 2 akter, Aschehoug forlag
Om opplevingane under krigen
1945: Brunvoll, Kirsten: Helvedet Auschwitz, forord i den norske oversettelsen av Tyve måneder i Auschwitz av polske Pelagia Lewinska 1947: Brunvoll, Kirsten: Veien til Auschwitz. Oslo: Aschehoug,. 2. opplag 1993 ISBN 8203172369
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kirsten Brunvoll» frå , den 12. november 2021.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske motstandsfolk Kategori:Forfattarar frå 1900-talet