Anne Boleyn, 1. markise av Pembroke (fødd ca. 1501/1507, død ) var den andre kona til Henrik VIII og mor til dronning Elisabeth I.Tidligere historikere betraktet 1507 for å være den aksepterte dato, men i 1981, kunsthistorikeren Hugh Paget demonstrerte at et brev Anne hadde skrevet i 1513 fra Brussel da hun var maid of honor i dette hoffet, en stilling som bare var åpne for en 12 - eller 13-åring, var ikke hånden av en 6-åring. [Ives - Life & Death of Anne Boleyn]
Kong Henrik VIII sitt ekteskap med Anne og den seinare avrettinga av henne var del av den kompliserte byrjinga på ei politisk og religiøs omvelting, reformasjonen i England, der Anne sjølv aktivt sette i gang kyrkjereformer. Ho hadde stor politisk påverknad og er blitt kalla for «den mest innverknadsrike og viktigaste ektefelle ein konge av England nokon gong har hatt».Ives, s. xv
Anne Boleyn er kjend for dei dramatiske omstenda kring døden sin. Ho blei avretta for utruskap, incest og forræderi den 19. mai 1536. Det er utbreidd semje om at ho truleg var uskuldig i det ho var tiltalt for, og ho har seinare vore rekna som ein martyr av dei engelske protestantane, delvis grunna verka til John Foxe. Livet hennar har vore utgangspunkt for fleire romanar, skodespel, operaer, fjernsynsdrama og spelefilmar.
Tidleg liv
Omdiskutert fødselsår På grunn av mangelen på kyrkjedokument frå perioden er historikarane ikkje samstemde om kva år Anne Boleyn blei fødd. Kjeldematerial frå 1500-talet er motstridande, og ulike årstal er blitt lagt fram av ulike forfattarar. Ein italiensk historikar (1600) antyda at ho vart fødd i 1499, medan svigersonen til Thomas More antyda eit såpass seinare årstal som 1512. Alle dei øvrige gjetningene fell innanfor desse to ytterpunkta. I våra dagar har den akademiske debatten vore sentrert rundt to nøkkelår: 1501 og 1507. Det sistnemnde året vart først fremja av ein elisabethansk antikvar, William Camden, og var føretrekt inntil kunsthistorikaren Hugh Paget argumenterte mot det i 1981. To autoritetar på perioden, Eric Ives og Retha Warnicke (som har skrive kvar sin biografi om Boleyn) er usamde. Ives, ein britisk historikar og juridisk ekspert, fremjar 1501, medan Warnicke, ein amerikansk forskar og kvinnehistorikar, føretrekker 1507.Sjå Eric Ives sin biografi The Life and Death of Anne Boleyn for den mest omfattande argumentasjonen for 1500/1501 og Retha Warnicke sin The Rise and Fall of Anne Boleyn for subjektiv spekulasjon om året 1507.
Det viktigaste kjende skriftlege vitnesbyrdet er eit brev Anne skreiv ca. 1514. Ho skreiv det på fransk, andrespråket sitt, til far sin, som då budde i England, medan ho sjølv fullførte utdanninga si i Nederlanda. Professor Ives har peikt på at stilen i brevet og den vaksne handskrifta i det tilseier at Anne må ha vore eldre enn 13 år då brevet blei skrive. Dette blir støtta av ein historieskrivar frå slutten av 1500-talet, som skreiv at Anne var tjue då ho kom attende frå Frankrike.Sjå Ives, s. 18–20 Desse argumenta blir avvist av Warnicke i fleire bøker og artiklar, og dette er òg same konklusjon som dei fleste historikarar støttar. Det nøyaktige fødselsåret vil kanskje aldri bli kjent.
Fødsel og familie mini|Eit portrett av Anne Boleyn. Tilskrive Marcus Gheeraerts den yngre. Anne var dotter av Thomas Boleyn, seinare jarl av Wiltshire og Osmonde, og kona hans Elizabeth Boleyn (fødd Elizabeth Howard) som var dotter av Thomas Howard, 2. hertug av Norfolk. Det er ikkje kjend kvar Anne blei fødd, men det var truleg anten i herskapsbustaden til familien hennar, Blickling Hall i Norfolk, eller i den føretrekte heimen deira Hever Castle i Kent.
Då Anne blei fødd, var Boleyn-familien rekna som ein av dei meste respektable familiane i det engelske aristokratiet, sjølv om dei berre hadde hatt adelstittel i fire generasjonar. Seinare blei dei kritiserte for å ha vore sosiale klatrarar, men det var eit politisk angrep på dei. Blant forfedrane til Anne Boleyn var ein borgarmeister av London, ein hertug, to kvinner av aristokratiet og ein jarl, og blant slektningane hennar på morssida var den mektige familien Howard.Ives, side 3. Anne Boleyn var i røynda meir aristokratisk enn både Jane Seymour og Katarina Parr, to av dei andre konene til Henrik VIII.
Far til Anne var ein respektert diplomat med ei gåve for språk. Han hadd eòg gunsten til kong Henrik VII, og kongen sende han på mange diplomatiske reiser til utlandet. Han heldt fram karrieren sin under Henrik VIII, som blei krona i 1509. På kontinentet gjord Thomas Boleyn sin sjarm og profesjonalitet at han mange beundrarar, blant anna erkehertuginne Margarete av Austerrike, dottera til keisar Maximilian I av det tysk-romerske riket. Ho styrte Nederlanda på vegner av far sin, og var så imponert over Boleyn at ho tilbaud den yngste dotter han ein plass i hushaldet sitt. Normalt måtte ei jente vera 12 år for å oppnå ei slik ære, men Anne kan ha vore yngre, sidan Margarete refererte varmt til henne som «la petite Boleyn» (sjølv om dette kan tolkast ulik, til dømes til å visa til høgda hennar).Fraser og Ives argumenterer at dette er klare tegn på at Anne sannsynligvis ble født i 1501, noe som gir henne en alder som tilsvarer de øvrige pikene, men Warnicke er uenig, delvis på grunn av kallenavnet «petite» (= lille). Se Ives, side 19; Warnicke, sidene 12–13. Anne skal ha gjort eit godt inntrykk i Nederlanda med manerane sine og fliden for å læra. Ho budde der frå våren 1513 til vinteren 1514, då far hennar sørgde for at ho kunne studera vidare i Paris.
I Frankrike blei ho hoffdame for dronning Claude av Frankrike og fungerte òg som omsetjar når det kom engelske vitjande av høg rang til det franske hoffet. I hushaldet til dronninga heldt ho fram med å læra fransk språk, og fekk grundig kjennskap til fransk kultur og etikette. Ho utvikla òg interesse for mote og for religiøs filosofi, noko som seinare bidrog til reformeringa av den engelske kyrkja. Den europeiske utdanninga hennar blei avslutta i 1521, då ho blei kalla tilbake til England av far sin. Ho segla frå Calais, som då framleis tilhøyrde England, i januar 1522.
Framferd og personlegdom mini|Eit portrett av Anne Boleyn måla nokre år etter at ho døydde. Biografskrivaren Ives har karakterisert det som svært nær «den verkelege Anne Boleyn». Anne Boleyn blei ikkje rekna som særskild ven i samtida si. Ho var for tynn og fargen blei rekna av mange som for mørk i ein periode då ein førtetrekt lys hud og hår. Likevel var det mange observatørar som var imponerte av dei mørke augo hennar og det lange, svarte håret. Ein italienar som møtte henne i 1532 skreiv at ho var «ikkje av dei venaste kvinnene i verda», men andre meinte at ho var «competent belle» («ganske ven») og «ung og pen».
Folk synest hovudsakleg å ha vorte tiltrekt av karismaen til Anne. Ho gav eit godt inntrykk med sin sikre sans for mote og inspirerte mange nye trendar blant hoffdamene. William Forrest, forfattar av eit samtidig dikt om Katarina av Aragón komplimenterte danseevna til Anne «Her», skreiv han, «var ei frisk, ung dame som kunne trippa og gå».Fraser, side 115.
Ho var ein from kristenFor en utførlig diskusjon om Annes religiøse tro, se Ives, sidene 277–287. i den nye humanistiske renessansetradisjonen. Ho gav òg sjenerøst til velgjering og gav almisser til dei fattige. I ungdommen var ho «søt og glad» og likte å spela, drikka vin og sladra.Weir, side 153. Ho var òg modig og kjenslevar, men ifølgje fiendar kunne ho òg sløsa, vera nevrotisk, vondskapsfull og snarsint.
Henrik VIII venstre|mini|Katarina av Aragón, den første kona til Henrik VIII. På tida då Anne Boleyn kom til hoffet til kong Henrik VIII var den første dronninga hans, Katarina av Aragón, populær blant mange. Alle sønene hennar med Henrik hadde døydd i spebarnsalderen, og Henrik var utolmodig etter å skaffa seg ein mannleg arving til trona for å oppretthalda dynastiet sitt og hindra borgarkrig.
Anne Boleyn debuterte ved hoffet i eit maskeradeball i mars 1522 der ho utførte ein detaljrik dans saman med den yngre systera til kongen, fleire andre hoffdamer og kongen si elskarinne – Anne si eiga syster Mary. I løpet av eit par veker etter denne opptredenen var ho kjend som den mest fasjonable og dugelege kvinna ved hoffet og ho har blei referert til som eit «glass of fashion».Starkey, side 264
Systera til Anne, Mary, hadde tidlegare vore elskarinna til kongen ei kortare tid medan ho var gift med William Carey, ein herre i kongsrådet. Det har gått rykte om at det eine eller begge borna til Mary Boleyn hadde Henrik VIII som far. Nokre historikarar som Alison Weir har stilt spørsmål om sonen til Mary, Henry Carey, faktisk hadde Henrik VIII som far.Weir, Alison: Henry VIII: The King and His Court, side 216. Ein går ut frå at tilhøvet til kongen til Mary var avslutta lenge før han blei involvert med den yngre systera hennar Anne.
I byrjinga blei Anne Boleyn halden i bakgrunnen, men i løpet av 1528 var det alminneleg kjent at Henrik akta å gifta seg med henne. Slektningane til Anne støtta saken hennar, og dei hadde mange tilhengarar ved hoffet. Innleiingsvis distanserte Anne seg frå politikken. Ho omgav seg med luksus i den nye livsstilen sin, og kongen betalte for kva som helst. Ho skaffa seg ein stor garderobe av festkjolar, pels og juvelar. Ho fekk òg tildelt sin eigen stab av tenarar, fleire hoffdamer og nye palassrom.
I 1529 verka det som om pave Klemens VII ikkje var nærare til å gje Henrik ein annullering av ekteskapet enn han hadde vore i 1527. Spionane til Anne rapporterte at delar av problemet var at nevøen til Katarina av Aragón, Karl V av det tysk-romerske riket, hadde teke paven til fange. Henrik innsåg at det var utenkjeleg at paven ville gje han ei annullering av ekteskapet frå tanta til keisaren.
Etter som dei politiske spenningane auka på kontinentet oppstod det forvirring ved det engelske hoffet då ein tvilte på kardinal Wolsey sin lojalitet til Anne Boleyn. Boleyn-fraksjonen var overtydd om at han var forrædersk, og opprettheldt presset fram til Wolsey fekk avskjed frå stillinga under kongen i 1529. Etter å ha blitt avsett bønnfall kardinalen Anne Boleyn om å hjelpa han attende til makta, men ho nekta. Han byrja då ein løynleg konspirasjon for å tvinga Anne i eksil ved å korrespondera med både paven og dronning Katarina. Då dette blei oppdaga gav Henrik ordre om å arrestera Wolsey, og hadde det ikkje vore for at han døydde av ein alvorleg sjukdom i 1530 ville han ha blitt avretta for forræderi. Eit år seinare blei dronning Katarina forvist frå hoffet og det gamle rommet hennar blei gjeve til Anne.
Med Wolsey ute av vegen var Anne Boleyn blitt den mektigaste personen ved hoffet. Ho hadde betydeleg makt over utnemningar til regjeringa og i politiske saker.
Den sotre irritasjonen hennar over at Vatikanet nekta henne å bli dronning fekk henne til å føreslå eit nytt alternativ for kongen. Ho antyda at han burde følgja råda til religiøse radikale som William Tyndale, som fornekta autoriteten til paven og meinte at det var monarken som burde vera overhovudet til kyrkja. Då William Warham, den konservative erkebiskopen av Canterbury, døydde, fekk Anne Boleyn familiepresten Thomas Cranmer utpeikt til den ledige stillinga. Ho støtta òg at den radikale og lavadelige Thomas Cromwell skulle kunna klatra i sosial og politisk tyding, og medverka til at han enda som den nye favorittrådgjevaren til kongen.
I løpet av denne perioden spelte Anne òg ei stor rolle i engelsk utanrikspolitikk ved å sikra ein allianse med Frankrike. Ho etablerte ein god kontakt med den franske ambassadøren Giles dei la Pommeraye, som var betatt av henne. Med hans hjelp arrangerte ho ein internasjonal konferanse i Calais vinteren 1532 der Henrik håpte at han kunne få den franske kongen sin, Frans I, støtte for det nye ekteskapet sitt.