Siri Kristiansen () er ein norsk stand up-komikar og radioprogramleiar busett i Son. Ho har vore med i P3-programma P3morgen, Lørdagsrådet og Verdensherredømme, satireprogrammet Desken på NRK3 og TV 2 sitt ungdomsprogram Sone 2. Hausten 2010 var ho vikar for Linn Skåber i Nytt på nytt.

Kristiansen leidde òg TV-versjonen av Lørdagsrådet, Rådet på NRK3, som hadde premiere 31. oktober 2013. Programmet vart fornya med sesong 2 som starta 10. april 2014.

Siri Kristiansen er utdanna ved tekstforfattarlinja på Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology. I 2004 gav ho ut boka Siris Dagbok på Kagge Forlag. Boka handla om ungdomstida hennar, og vekte debatt på grunn av eksplisitte skildringar av seksualitet blant tenåringar.

Frå 2. februar til 25. juni 2015 leidde Kristiansen radioprogrammet Befokningen på NRK P13 saman med Steinar Sagen.

Frå 9. januar 2017 leia ho radioprogrammet Plenum på NRK P13 saman med Aleksander Schau og Thomas Aune.

Seint i 2017 slutta Kristiansen i NRK for å gå over til Radio1/Radio Norge. Her blei ho programleiar for Siri og de gode hjelperne.

Kristiansen gifta seg med Espen Bjurstedt den 22. juni 2020, etter å ha vore sambuar med han i 13 år. Dei har to barn. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siri Kristiansen» frå , den 10. november 2021.

Kategori:Skal vi danse-deltakarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Norske forfattarar