Frøydis Armand () var ein norsk skodespelar. Ho var kjend frå teater, film og fjernsyn.Ellen Horn: Frøydis Armand ( 1949-2022) - Norsk Shakespeare Tidsskrift
Kunstnerisk virke
Teater Armand debuterte ved Nationaltheatret som Regine i Gengangere i 1972. Ho vart sidan tilsett ved teateret og spelte eit femtitals roller, blant andre Lucy Brown i Tolvskillingsoperaen, Desdemona i Othello, Mary Cavan Tyrone i Lang dags ferd mot natt, Den eldre kvinna i Dødsvariasjoner, den kvinnelege hovudrolla i Kirsebærhaven, forteljaren i Nattergalen og mora i Blodbryllup. På Torshovteatret spilte hun blant annet Marie i Woyzeck. På Torshovteatret spelte ho blant anna Marie i Woyzeck.
Ho tolka fleire Ibsen-roller, som Bolette i Fruen fra Havet, Hedda i Hedda Gabler, Nora og fru Linde i Et Dukkehjem, Hjørdis i Hærmennene på Helgeland, Gina Ekdal i Vildanden, Rottejomfruen i Vesle Eyolf, Madame Helseth i Rosmersholm og Gunhild Borkman i John Gabriel Borkman.Mona Levin: Sterk og uangripelig god - Minneord i Aftenposten 13. oktober 2022
Dokketeater Armand var òg dokkespelar. I 1968 medverka ho i oppsetjinga av Mikko Matti og vennene hans, som Julian Strøm og Birgit Strøm var ansvarlege for. På scena medverka òg Kjell Kjær og Elisabeth Strøm Henriksen.
Film og fjernsyn Armand spelte i ei rekkje filmar, mellom anna Hustruer I, II og III. Ho hadde ei gjesterolle i komiserien Mot i brøstet og spelte i mini-TV-serien Berlinerpoplene. I 2009 byrja ho i Hotel Cæsar i rolla som Dagny Dallimore.
Prisar og utmerkingar Gösta Ekmans minnefonds pris (1977) Per Aabels ærespris (2002) Aase Byes legat (2007)
Diskografi Album For den som elsker (1994), med Stein Mehren & Ketil Bjørnstad Den fyrste song (2007) Deltar på Svartkatten-gruppa: Svartkatten (1971) Jenteloven-gruppa: Jenteloven (1974) Posten: Postens landeplager 1995 (1995) NRK Radioteatret: Jobs bok (1999) Arne Garborg: Haugtussa (2001) Lewis Carroll: Alice i Eventyrland (2002) Geir Bøhren & Bent Åserud: Jul på Månetoppen (2002) Anne Karin Elstad: Odel (2003) Graham Greene: Den tredje mann (2003) Roald Dahl: Matilda – Hørespill fra Lørdagsbarnetimen (2004) Edgar Allan Poe: De tre skjeletters øy og andre grøsserhistorier (2006) Edgar Allan Poe: Den røde døds maske og andre grøsserhistorier (2006) Lydbokforlaget: Utvalgte noveller (2007) Bjølsen Valsemølle: Over elva (2007) Arto Paasilinna: Den elskelige giftblandersken (2008) Anne B. Ragde: En kald dag i helvete (2008) Malmö kammarkör, Malmö symfoniorkester & Bjarte Engeset: Grieg: Peer Gynt (Complete Incidental Music) (2008) Anne B. Ragde: Jeg har et teppe i tusen farger (2014) MAI/Universal Music: MAI 1973–1983 (2016)
Filmografi (utval)
1974 - Mors hus 1975 – Hustruer 1980 – Nedtur 1981 – Saken Ruth Wang 1985 – Hustruer – ti år etter 1985 – Øye for øye 1989 – Bryllupsfesten 1995 – Noe beroligende 1996 – Hustruer III 1998 – Ole Aleksander Filibom-bom-bom 2000 – Aberdeen 2009 – Hotel Cæsar
Frøydis Armand spelte òg Nissekusine i Amalies jul og i Jul på Månetoppen.Medietilsynet Filmdatabase – Frøydis Armand
Familie Armand var dotter av skodespelaren Eilif Armand og syster av skodespelarane Merete Armand og Gisken Armand.
Ho var eit tid gift med skodespelaren Helge Jordal, og var mor til jazzmusikeren Matias Armand Jordal, Marte Armand Remlov og Eilif Armand Evje.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frøydis Armand» frå , den 10. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Skodespelarar frå 2000-talet