Saara Sofia Aalto () er ein finsk songar og stemmeskodespelar. Aalto vart landskjend i Finland i 2007 då ho kom på andreplass i Talent Suomi, og i 2012 då ho kom på andreplass i The Voice of Finland. Sidan har Aalto delteke i fleire talenttevlingar, og i 2016 vart ho kjent i Storbritannia då ho kom på andreplass i britiske X Factor med Sharon Osbourne som mentor. Ho er ein av Finlands mest kjende songarar og vart i 2016 kåra til årets finske person. Aalto representerte Finland i Eurovision Song Contest 2018 med songen «Monsters».

Bakgrunn Aalto vaks opp i ein musikalsk familie i Uleåsalo i Finland, og ho skreiv sin fyrste song allereie som femåring. Som barn og ungdom deltok ho i fleire lokale songfestivalar for barn, og i 2003 vann ho Charlotte Church internasjonale syngetevling i USA med ein eigenkomponert song. Vidare representerte ho Finland i Golden Stag International Song Contest i Romania i 2004.

Aalto var elev ved Madetoja vidaregåande skule for musikk, der ho vart uteksaminert i 2005. Deretter flytta ho til Helsingfors for å studere musikk ved Sibelius-akademiet og song ved Helsingfors-konservatoriet for pop og jazz. I 2006–2007 deltok Aalto i det TV-sende talentshowet Talent Suomi – tilsvarande Norske talentar, der ho enda på andreplass. Ein ny andreplass følgde i talentshowet The Voice of Finland i 2012. Aalto har òg delteke med eigenkomponerte bidrag i den finske uttakinga til Eurovision Song Contest to gongar: I 2011 med «Blessed with Love» og i 2016 med «No Fear» – begge gongene enda ho på ein andreplass.

Ein ny andreplass følgde i 2016, då Aalto deltok i sesong 13 av det britiske talentshowet The X Factor på ITV. Det var ynsket om ein internasjonal karriere som gjorde at ho melde seg på til audition i tevlinga. I tevlinga fekk Aalto Sharon Osbourne som mentor og kom inn som eit sokalla wildcard. Under direktesendingane var ho tre gongar blant deltakarane med færrast sjåarstemmar, men utover i The X Factor fekk ho stadig større støtte frå sjåarane. Aalto vann òg den åttande og niande direktesendinga, og ho nådde finalen der ho kom på ein andreplass bak Matt Terry.

Deltakinga i den britiske The X Factor gjorde Aalto landskjend i Storbritannia og førte til fornya interesse i heimlandet Finland. Kvar fjerde finne følgde den britiske The X Factor-finalen, og ho var den mest googla personen i Finland i 2016. Tabloidavisen Iltalehtis lesarar røysta fram Saara Aalto som Årets finske person i 2016. Etter andreplassen fekk ho òg platekontrakt med Sony Music i Storbritannia og Finland, men gjekk hausten 2017 over til Warner Music Group på grunn av misnøye med Sony-kontrakten. I 2018 var Aalto ein av dommarane i den andre sesongen av X Factor Suomi.

I november 2017 valde den finske kringkastaren Yle Aalto til å representere Finland i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa i Portugal. Aalto deltok med låten «Monsters» som enda nest sist i finalen laurdag 12. mai.

Anna Parallelt med artistkarrieren har Aalto òg gjort karriere som stemmeskodespelar, og ho har dubba ei rekkje rollar i teiknefilmar og tv-seriar. Blant anna hadde ho stemmen til Prinsesse Anna i den finske versjonen av Disney-filmen Frost.

Aalto har òg sunge duett og halde konsertar med ei rekkje kjende artistar som Adam Lambert, Andrea Bocelli, José Carreras og pianisten Robert Wells.10 December 2016 X Factor: Bohemian Rhapsody Ho har òg gjeve ut fem album på sitt eige plateselskap Yume Records.

Aalto er ope lesbisk og forlova med Meri Sopanen, som også er manageren hennar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Saara Aalto» frå , den 10. november 2021.

Kategori:Finske songarar Kategori:X Factor-deltakarar Kategori:Finske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2018-deltakarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest