Tilda Amalie Andersen () var ein norsk skodespelar.
Familie Amalie Andersen var utanomekteskapelig dotter av kveghandlaren Truls Andersen og Anne Sophie Baltzersen.SAO, Grønland prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0001: Ministerialbok nr. 1, 1859-1861, s. 197 Ho vart gift 28. juli 1888 med handelslæraren Johan Fredrik Dahl (1859-1911).
Liv og virke Amalie Andersen sin vestlandske debut fann stad ved Den Nationale Scene i Bergen 11. desember 1881 i rolla som Lisbet i En Søndag paa Amager. Ho hadde då allereie opptredd som Elisif i Væringene i Miklagard på Christiania Theater i mars same år.
Den såkalla andre debuten til Andersen kom med rolla som Inga i Mellem Slagene same stad, 5. februar 1882. Ho var tilsett ved dette teateret i nokre år, og spelte mellom anna Ane i Geografi og Kjærlighed hausten 1885
Roller i utval
Elisif i Væringene i Miklagard av Oehlenschläger (Christiania Theater, 1881] Lisbet i vaudevillen En Søndag paa Amager av Johanne Luise Heiberg (Den Nationale Scene, 1881) Inga i Mellem Slagene av Bjørnstjerne Bjørnson (Den Nationale Scene, 1882) Ane i Geografi og Kjærlighed av Bjørnstjerne Bjørnson (Den Nationale Scene, 1885)
Kjelder
Jensson, Liv (1981). Biografisk skuespillerleksikon. Universitetsforl. s. 15. ISBN 8200056228. Denne artikkelen bygger på «Amalie Andersen» frå , den 9. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1800-talet