Elsa Lystad () var ein norsk skodespelar, kjend for sentrale roller i norsk teater, fjernsyn, film og radio. Ho fekk gjennombrotet sitt på midten av 1960-talet og var aktiv fram til 2016. Lystad er kjend for mimikken sin og evna til å leggja inn komiske trekk på meir seriøse roller.
Bakgrunn Lystad vart fødd på Rodeløkka i Oslo. Mor hennar var vaskedama Thora Aamot (1900–1972) frå Stryn i Nordfjord, og faren var verkmeisteren Erling Magnus Lystad (1905–1988). Thora Aamot skilde frå seg mannen og flytta heim til Stryn i 1935. Der gjekk Elsa dei to første åra på skule og la til seg nordfjordsdialekt. Dei flytta attende til Oslo i 1937.
Lystad gjekk toårig framhaldsskule for jenter i Oslo etter at ho hadde vore kontordame, blant anna i annonseavdelinga til Dagbladet.
Ho vart gift i 1961 med den ungarske inspisienten Arpad Szemes (1930–1998).
Skodespelar mini|Frå Lysthuset Revyteater. Lystad (til høgre) saman med frå venstre Rolv Wesenlund, Harald Heide-Steen jr., Trulta Heide Steen og Svein Byhring. Lystad debuterte i 1957 på Falkbergets Teater og fekk der rolla som Laura Isaksen i Bør Børson jr. Ho turnerte med teateret i over eit år. Ho var tilsett ved Det norske Teatret i perioden 1958–1964. Gjennombrotet fekk ho i Lysthuset, der ho vart hyra av Rolv Wesenlund og Harald Heide-Steen jr. i 1965.
Lystad var knytt til Chat Noir og Fjernsynsteateret før ho vart tilsett ved Oslo Nye Teater i 1973, der ho var fram til ho byrja ved Den Nationale Scene i 1976. Ho slutta ved Den Nationale Scene i 1980 og jobba deretter frilans. Ho arbeidde sidan saman med Wesenlund både på teater og i TV, og radiorolla som Fru Sløying var det første møtet med Lystad for mange nordmenn utanfor Oslo.
I 1990 fekk ho rolla som Oddveig i komiserien Fredrikssons fabrikk og filmen med same namn frå 1994. Så seint som i 2007 var ho enno aktiv og turnerte med stykket Ingen grunn til panikk!, der ho delte hovudrolla med Marianne Krogness. Førestillinga var avslutta på Chat Noir sommaren same år. Lystad har i ei årrekkje vore å høyra i radioprogrammet Nitimen på NRK P1. Saman med skodespelarkollegaen Morten Røhrt laga ho det vekentlege humorinnslaget Tips-telefonen. I 2011 hadde ho rolla som Gamlemor i den norske 3D-filmen Blåfjell 2: Jakten på det magiske horn. I februar 2012 spelte ho Mor Åse i ei oppsetting av Peer Gynt (My name is Peer Gynt) i Kanonhallen på Løren i Oslo. Ho var aktiv fram til 2016, då ho reiste på turné saman med Petter Anton Næss og førestillinga Mitt liv som Elsa. Ho måtte avslutta karrieren på grunn av demens.
Prisar og utmerkingar (utval)
2014 – Amandaprisen 2014 - Æresprisen til juryen. 2014 – Gullruta 2014 i klassa beste kvinnelege skodespelar for Etter karnevalet 2011 – Oslo bys kulturpris. Overrekt 5. mai 2011 2011 – Solprisen under Solfesten på Rjukan. Overrekt 9. april 2011 2010 – Parelius prisen, Kunstnerforeningen 2008 – Heidersprisen under Komiprisen 2008 2007 – Kongens fortenstemedalje i gull for 50 år på scena 1983 – Leonardstatuetten
Filmar ÅrTittelRolleMerknader2011Blåfjell 2: Jakten på det magiske hornGamlemorSpelefilm2011SmåbylivFru LøfsgårdTv-serie2010Den unge FleksnesSangpedagogTV-serie2009God natt, elskedeFru RagloMiniserie2005SlangebærerenBergljot BehrensMiniserie2004Hos Martin - episoden «Hushjelp til besvær»Gudrun HoltTV-serie2003SMS - Sju magiske sirklerOpheliaTV-serie2003Fox Grønland - episode 11 (sesong 2)Eldre dameTV-serie1997–98Tre på toppenBirgitte BergTV-serie1996Bare når jeg lerDr. TorpTV-serie1996Maja Steinansikt BestemorSpelefilm1996Mens vi venter på far NabofruenTV-serie1995Rett i lommaKaupangFjernsynsteater1994Seier'n er vårSynnøve SkuggedalTV-serie1994Fredrikssons fabrikk - The movieOddveigSpelefilm1994Hjemme hos PausProgramlederTV-serie1991Frida - med hjertet i håndenEllinor SvendsenSpelefilm1991FedrelandetFru HornMiniserie1990En håndfull tidSpelefilm1990-93Fredrikssons fabrikkOddveigTV-serie1989Viva Villaveien!Alice LindebladSpelefilm1988SweetwaterMartaSpelefilm1986PlastposenKioskdameSpelefilm1986Randi og Ronnis restaurantEnkefru Beate HoopTV-serie1985Deilig er fjorden!RigmorSpelefilm1985–88Vill, Villere, VillaveienAlice LindebladTV-serie1982Fleksnes - episoden «Rotbløyte»MartaTV-serie1981Den grønne heisenTopsy Lorck MathiesenSpelefilm1980BelønningenAnnSpelefilm1980FabelSangerinneSpelefilm1975Glade vrinskSpelefilm1974Fleksnes - episoden «Biovita Helsesenter»Oversøster VålundTV-serie1974Bør Børson JrFrk. FinckelSpelefilm1973Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokRagna, Bennys forlovedeSpelefilm1973Kjære lille NorgeSpelefilm1972Fleksnes - episoden «Evig din for alltid»KariTV-serie1972Lukket avdelingSpelefilm1970Selma BrøterSelmaFjernsynsteater196922 november - den store leiegårdenSyerskeFjernsynsteater1968De ukjentes markedSpelefilm1968SmuglereJennySpelefilm1968Mannen som ikke kunne leSpelefilm1967Elsk... din næsteFrk. AndresenSpelefilm1967LivDamen i vinduetSpelefilm1966Hurra for AndersensFru SalvesenSpelefilm1966NederlagetSuzanneFjernsynsteater1966Kontorsjef Tangen Fjernsynsteater1964Pappa tar gullSykegymnastenSpelefilm1963Freske frasparkOllvars koneSpelefilm1960UngenSersjant-PetraFjernsynsteater1958Lån meg din koneSelskapsgjestSpelefilm
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elsa Lystad» frå , den 10. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skodespelarar ved Det norske teatret Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Skodespelarar ved Den Nationale Scene Kategori:Norske komikarar