Hypotermi er ein tilstand der kroppstemperaturen er nedsett. Hjå menneske reknar ein med at dei er hypoterme når kjernetemperaturen til kroppen er under 35 °C. Dette kan vera skadeleg for kroppen, men kan i nokre tilfelle også vera gunstig. Ein del dyr går inn i ein søvnaktig eller dvaletilstand ved hypotermi. Desse dyra kan kontrollera kroppstemperaturen slik at han berre er litt høgare enn temperaturen rundt dei, og kan koma raskt ut av tilstanden utan å ta skade. Nedkjøling blir òg brukt ein del innan medisin.
Kjelder
Kategori:Fysiologi