Hours-turneen var ein mindre konsertturné av David Bowie som bestod av ei handfull konsertar og mange fjernsynsframføringar for å marknadsføre albumet Hours seint i 1999. Fleire konsertopptak frå turneen kom ut som B-sider til singlane frå albumet, og heile konsertar kom i 2020 ut som Something in the Air (Live Paris 99) og i 2021 som David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99).
Bakgrunn Bowie hadde gjeve ut albumet Hours i oktober 1999 og la ut på ein kort turné for å marknadsføre albumet. Den 23. augsut, før albumet kom ut, spelte han på VH1-programmet Storytellers, som kom ut i 2009 som VH1 Storytellers. For resten av konsertane, vart gitaristen Page Hamilton, som var med å skipe Helmet, henta inn for å erstatte Reeves Gabrels som spelte med Bowie for siste gangen på Storytellers. Dei første rykta om at Gabrels hadde slutta vart først avkreta av begge partar før Gabrels innrømde at han og Bowie hadde gått kvart til sitt.Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004,
I oktober spelte Bowie på Saturday Night Live der han framførte «Thursday's Child» og «Rebel Rebel», den første framsyninga hans der etter at han vart mellombels bannlyst frå showet i 1997.
Konserten på Elysée Montmartre den 14. oktober 1999 vart filma og spelt inn og tre songar kom ut på CD-singelen av «Survive». Heile konserten kom omsider ut i 2020 som Something in the Air (Live Paris 99). Konserten vart halde dagen etter at Bowie vart utnemnd til kommandør i Ordre des Arts et des Lettres av den franske regjeringa for bidraga hans til kunst og musikk. Something in the Air kom ut på CD og vinyl for første gongen tidleg i 2021, som ein del av plateboksen Brilliant Live Adventures.
Konserten i Libro musikkhall i Wien den 17. oktober 1999, kom samstundes med lanseringa av BowieNet Europe og gjekk direkte som webcast. Konserten i Kit Kat Klub i New York City den 19. november 1999 vart òg spelt inn og rilma for ein webcast som ein del av American Express Blue Concert-serien sendt 7. desember 1999, i tillegg til at han vart kringkasta på radio av SFX Radio på same tid. Tre songar frå konserten kom ut på CD-singelen «Seven» (2000), og ei forkorta utgåve av konserten kom ut i 2021 som David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99). Nettsendinga, som visstnok var ein av dei aller første direktesendingane på nettet av ein konsert nokon gong, var full av problem og vart sildra som å gå «ikkje særskild bra.»
Turnéband David Bowie : vokal, akustisk gitar Reeves Gabrels : sologitar, berre 23. august 1999 Page Hamilton : solo- og rytmegitar, etter 9. oktober Mark Plati : rytmegitar, akustisk gitar, bassgitar, korvokal, musikalsk leiar Gail Ann Dorsey : bassgitar, rytmegitar, korvokal Sterling Campbell : trommer, perkusjon Mike Garson : klaverinstrument, piano Holly Palmer : korvokal, perkusjon Emm Gryner : korvokal
Konsertar Dato By Land Spelestad Merknad Nord-Amerika 23. august 1999 New York City USA Manhattan Center VH1 Storytellers Europe 9. oktober 1999 London England NetAid – Wembley Stadium 10. oktober 1999 Dublin Irland Dublin HQ 14. oktober 1999 Paris Frankrike Elysée Montmartre Something in the Air 17. oktober 1999 Wien Austria Libro Music Hall Bowienet Europe-lansering Nord-Amerika 19. november 1999 New York City USA Kit Kat Klub American Express Blue Concert-serienDavid Bowie at the Kit Kat Klub (Live New York 99) Europa 2. desember 1999 London England The Astoria 4. desember 1999 Milano Italia Alcatraz 7. desember 1999 København Danmark Vega
Songar
Frå Hunky Dory «Changes» «Life on Mars?» Frå Aladdin Sane «Drive-In Saturday» «Cracked Actor» Frå Diamond Dogs «Rebel Rebel» Frå Station to Station «Word on a Wing» «Stay» Frå Low «Always Crashing in the Same Car» Frå Lodger «Repetition» Frå Scary Monsters (And Super Creeps) «Ashes to Ashes»
Frå Let's Dance «China Girl» (originalt frå The Idiot (1977) av Iggy Pop; skriven av Pop and Bowie) Frå Tin Machine «I Can't Read» (Bowie, Reeves Gabrels) Frå Earthling «I'm Afraid of Americans» (Bowie, Brian Eno) Frå Hours «Thursday's Child» (Bowie, Gabrels) «Something in the Air» (Bowie, Gabrels) «Survive» (Bowie, Gabrels) «If I'm Dreaming My Life» (Bowie, Gabrels) «Seven» (Bowie, Gabrels) «The Pretty Things Are Going to Hell» (Bowie, Gabrels) Andre songar: «Can't Help Thinking About Me» (tidleg singel, gjeve ut i 1966)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hours Tour» frå , den 19. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertturnear i 1999 Kategori:David Bowie-turnear