Renée Kathleen Zellweger () er ein amerikansk skodespelar og filmprodusent. Zellweger blei først vidkjend for rolla si i filmen Jerry Maguire (1996), og fekk deretter to nomineringar for Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Bridget Jones i komedien Bridget Jones' dagbok (2001) og som Roxie Hart i musikalen Chicago (2002). Ho vann Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla si i dramaet Cold Mountain (2003).
Zellweger har vunne tre Golden Globe-prisar og tre Screen Actors Guild Awards. Ho blei utnemnd til årets kvinne av Hasty Pudding i 2009,Hasty Pudding Theatricals, Harvard University (arkivert) og etablerte seg som ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood på 2000-talet."Witherspoon Tops Rich List". San Francisco Chronicle. 2007-11-30. (arkivert 2009-11-17)
Biografi Mor til Zellweger, Kjellfrid Irene Andreassen, voks opp på Ekkerøy ved Vadsø i Finnmark. Ho møtte sveitsiske Emil Zellweger på Hurtigruten, og dei gifta seg i 1963. Dei fekk sonen Drew i 1967, og Renée blei fødd i 1969 då dei budde i Baytown i Texas. Den sterke norske aksenten til mora gjorde at Renée òg snakka med aksent, noko ho blei mobba for som liten. Ho skifta til brei Texas-aksent som niåring, då familien flytta til byen Katy utanfor Houston i Texas.
9. mai 2005 gifta Renée seg med den amerikanske countryartisten Kenny Chesney. I september same året søkte dei om å få ekteskapet annullert, etter berre fire månader som ektefolk.
Karriere som skodespelar Zellweger slo gjennom i 1996 med filmen Jerry Maguire. Sidan har ho hatt fleire store roller i Hollywood, blant anna Jeg, meg og Irene og Bridget Jones' Dagbok, sistnemnde fekk ho ein oscarnominasjon for. Ho var òg med i suksessfilmen Chicago som fekk fleire oscarprisar. Ho blei etterkvart ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood. For rolla som Ruby Thewes i filmen Cold Mountain vann ho ein Oscar for beste kvinnelege birolle. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Zellweger har òg vore med å produsera to filmar, Miss Potter (2006), og Living Proof (2008).
Filmar ÅrTittelOriginaltittelRolleMerknader1992A Taste for KillingMary LouTV1993Murder in the HeartlandBarbara (ukreditert)TVMy Boyfriend's BackDazed and Confused1994Reality BitesTami8 SecondsBuckle BunnyLove and a .45Starlene CheathamThe Return of The Texas Chainsaw MassacreJenny1995Empire RecordsGinaThe Low LifePoet1996I en annen verdenThe Whole Wide WorldNovalyne PriceJerry MaguireDorothy Boyd1997DeceiverElizabeth1998A Price Above RubiesSonia HorowitzOne True ThingEllen Gulden1999UngkarenThe BachelorAnne Arden2000Nurse BettyBetty SizemoreGolden Globe-pris: Best Actress - Motion Picture Musical or ComedyJeg, meg og IreneMe, Myself & IreneIrene P. Waters2001Bridget Jones' dagbokBridget Jones's DiaryBridget JonesOscarnominasjon: Best Actress.Golden Globe-nominasjon: Best Actress - Motion Picture Musical or Comedy2002White OleanderClaire RichardsChicagoRoxie HartGolden Globepris: Best Actress - Motion Picture Musical or ComedyOscarnominasjon: Best Actress2003Down with LoveBarbara NovakCold MountainRuby ThewesOscarvinnar: Best Supporting Actress.Golden Globe-pris: Best Supporting Actress - Motion Picture2004Stor ståhaiShark TaleAngiestemmeBridget Jones: På randenBridget Jones: The Edge of ReasonBridget JonesGolden Globe-nominasjon: Best Actress - Motion Picture Musical or Comedy2005Cinderella ManMae Braddock2006Miss PotterBeatrix PotterGolden Globe-nominasjon: Best Actress - Motion Picture Musical or Comedy2007BiefilmenBee MovieVanessa Bloomstemme2008Case 39Emily JenkinsLeatherheadsLexiAppaloosa2009New in TownLucy Hill 2009 Monsters vs. Aliens Katie Røyst 2009 My One and Only Anne Deveraux 2009 Case 39 Emily Jenkins 2010 My Own Love Song Jane 2016 Bridget Jones's Baby Bridget Jones 2016 The Whole Truth Loretta 2017 Same Kind of Different as Me Deborah Hall 2018 Here and Now Tessa 2019 Judy Judy GarlandAcademy Award for Best ActressBAFTA Award for Best ActressCritics' Choice Movie Award for Best ActressDallas-Fort Worth Film Critics Association Award for Best ActressDorian Award for Film Performance of the Year - ActressDublin Film Critics Circle Award for Best ActressGolden Globe Award for Best Actress - Motion Picture DramaHouston Film Critics Society Award for Best ActressIndieWire Critics Poll Award for Best ActressIndependent Spirit Award for Best Female LeadLondon Film Critics Circle Award for Actress of the YearNational Board of Review Award for Best ActressScreen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading RoleWomen Film Critics Circle Award for Best ActressNominert — Alliance of Women Film Journalists Award for Best ActressNominert — Alliance of Women Film Journalists Award for Most Daring PerformanceNominert — Austin Film Critics Association Award for Best ActressNominert — Chicago Film Critics Association Award for Best ActressNominert — Detroit Film Critics Society Award for Best ActressNominated — Florida Film Critics Circle Award for Best ActressNominert — Online Film Critics Society Award for Best ActressNominert — San Diego Film Critics Society Award for Best ActressNominert — Satellite Award for Best Actress - Motion Picture DramaNominert — Seattle Film Critics Society Award for Best ActressNominert — Toronto Film Critics Association Award for Best ActressNominert — Washington D.C. Area Film Critics Association Award for Best Actress
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Renée Zellweger» frå , og «Renée Zellweger» frå den 19. september 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Houston Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:USA-amerikanske skodespelarar