Kevin Armstrong () er ein engelsk gitarist, plateprodusent og låtskrivar, mest kjend for arbeidet sitt med David Bowie, Iggy Pop og Morrissey.

Armstrong spelte med Thomas Dolby på dei to første albuma hans, The Golden Age of Wireless og The Flat Earth.

Armstrong samarbeidde med David Bowie på musikken for filmen Absolute Beginners.David Bowie: Starman, by Paul Trynka, Little, Brown & Company 2011, page 400 Han spelte òg i bandet til Bowie for Live Aid i 1985David Bowie: Starman, by Paul Trynka, Little, Brown & Company 2011, page 401 og på songen «Dancing In The Street» med David Bowie og Mick Jagger.Iggy Pop: Open Up And Bleed, page 332, by Paul Trynka, Sphere 2007

Han spelte gitar på Iggy Pop-albumet Blah Blah Blah i 1986 og var musikalsk leiar for verdsturneen hans i 1986-1987.The Great Rock Discography, Page 816, by Martin C Strong, Canongate 2002

Armstrong vart med i bandet til Steve Nieve for Jonathan Ross-showet The Last Resort for to sesongar i 1989 og akkompagnerte Paul McCartney

I 1989 spurte Bowie Armstrong om å bli med Tin MachineThe Great Rock Discography, Page 126, by Martin C Strong, Canongate 2002 som det femte medlemmet etter at han spelte på debutalbumet deira. I 1992 var han medlåtskrivar på tittelsporet til Bowie-albumet Outside som kom ut i 1995.

Armstrong var medlåtskrivar («Piccadilly Palare», «He Knows I'd Love To See Him» og «Oh Phoney») og gitarist for Morrissey på somme av innspelingane for albumet Bona Drag.The Great Rock Discography, Page 718, by Martin C Strong, Canongate 2002

I 2007 var han gitarist på verdsturneen til Sinéad O'Connor og i 2010 spelte han på nye songar med Thomas Dolby og spelte på verdsturneen hans i 2012. I 2015-2016 leia han bandet for verdsturneen til Iggy Pop.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kevin Armstrong» frå , den 16. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Folk frå Farnborough i London